Byggemåte
Etter å ha lese denne beskrivinga skal du vita det meste om kva som følgjer med bustaden. Her får du
svar på kva type arbeid, materialar, utstyr og tenester som inngår i leveransen. Denne beskrivinga saman
med eventuelle endringar, teikningar, tilbod og avtaledokument m/ vedlegg utgjer ei fullstendig beskriving
av den bustaden du kjøper. Leveringsbeskrivinga gjeld for alle våre prosjektboligar, nærmare beskriving
får du ved å kontakta selgar.
Garantiar og sikkerheitsstillingar
I byggjeprosessen nyttar me skriftlege avtaler og kontraktar i tråd med bustadsoppføringslova, og me
stille alle dei nødvendige garantiar og forsikringar. Som sikkerheit for at me skal overhalde våra
forpliktingar stiller me sikkerheit i form av garanti frå bank eller annan finansieringsinstitusjon.
Forsikring
Utbyggjar held bygg og materialar forsikra i byggjeperioden og forbrukar skal teikne fullverdsforsikring for
bygget seinast 8 kalenderdagar før dagsett overtaking. Utbyggars forsikring opphøyra når
heimelsovergangen finn stad. Dette skjer normalt frå 2-6 kalenderdagar før overtakingsforretning vert
halden.
Container og avfallshandtering
Utbyggjar er ansvarleg for nødvendig container og avfallshandtering.
Utvendig:
Grunn, mur og betongarbeid leverast iht. prosjektering. Utvendig leverast asfaltert veg og parkering i
samsvar med terningar/situasjonsplan. Uteområdet leverast med ferdig plen i samsvar med
teikning/situasjonsplan og ferdig terrasse i trykkimpregnert i samsvar med teikning.
Byggemateriale og utstyr
Byggjekonstruksjonen er i samsvar med teknisk forskrift. Konstruksjonsvirke er levert av Bergene Holm.
Det elektriske opplegget er tilsvarsande NEK 400. Det er automatisk stoppeventil for vatn,
varmvatnsbereiar på 200L, balansert ventilasjon og utekran som standard.
Etasjeskilje/golv
Ringmur blir levert som standard lufta krypkjeller. Golv på grunn leverast som bjelkelag med sponplate på
golv. Det er også ei golvluke for tilgang til krypkjellar på boda. Alle golv i tørre rom blir levert med
laminatparkett. Våtrom utførast med fliser på golv som er 600x600mm og med moasikkfliser 100x100mm
i dusjnisje. Flexiwatt varmematte i gang, inkludert termostat.
Yttervegger
Yttervegger av tre har kledning, levert av Bergene Holm.
Innvendige vegger
Veggene i bustadrom blir levert med malte Wall2paint plater fra Forestia. Baderom i hovudetasje har
flislagde vegger med fliser som er 60x60cm. Baderom på loft har malte mWall2Paint veggplater. Vegg
mellom kjøkkenmøblar er flislagd med 60x60cm fliser.
Takverk
Tak over boligrom:
I himling over boligrom blir levert med malte slette takplater.
Utvendig:
Til yttertaket er det bjelkelag/takstoler og uisolert takoverbygg. Taket er tekka med Evertile takplater som er
svarte og steingranulerte. Takrenner og nedlaup er i svart metall.
Vindauge
- Yin: Vindauga vert levert som 3-lags PVC med kvite karmar både innvendig og utvendig.
- Yang: Vindauga vert levert som 3-lags glas med PVC profil som er kvite utvendig og med innvendig
karmar og rammar i svart.
* Isolerte glas får stadig betra isolasjonsevne og har derfor liten varmetilførsel frå rommet i det ytre glaset.
Dette kan medføra at ein av og til får utvendig dogg på glaset.
Dører
Inngangsdør:
- Yin: Ytterdør til bustaden som er kvit både innvendig og utvendig med tre glasfelt.
- Yang: Ytterdør til bustaden som er kvit utvendig og svart innvendig.
Budøra er kvit både innvendig og utvendig utan glasfelt ved begge vala.
Innerdører:
- Yin: Kvitmala innerdører med kvite handtak og låsbeslag.
- Yang: Svartmåla innerdører med svarte handtak og låsbeslag.
Trapper
- Yin: Kvitmåla heiltre trinn og konstruksjon med eit kvitmåla trerekkverk.
- Yang: Svartmåla heiltre trinn og konstruksjon med svartmåla trerekkverk.
Terrasse
Trykkimpregnert terrasse.
Kjøkken
- Yin: Kjøkkeninnreiing i kvitmåla rammekonstruksjon med frontar og handtak i kvit. Benkjeplata er
høgtrykkslaminat. Kvitevarene er innbygningsomn, mikrobølgjeomn, oppvaskmaskin, kjøl-fryseskap,
induksjonstopp t og ein vegghengt ventilator. Kjøkkenvaskener i rustfritt stål.
- Yang: Kjøkkeninnreiinga er av antrasitt rammekonstruksjon og frontar. Handtaka er også svart.
Benkjeplata er høgtrykkslaminat. Kvitevarene er innbygningsomn, mikrobølgjeomn, oppvaskmaskin,
kjøl-fryseskap, induksjonstopp og ein vegghengtn ventilator. Kjøkkenvasken er dobbel kjøkkenkum i
kvartkompositt med avløpsgarnityr.
Baderom
Varmekablar på golv i alle bad, inkludert termostat.
- Yin: Baderomsmøblane i hovudetasje har kvite frontar og ein rund lysspegel med ein diameter på 70cm.
Toalettet i hovudetasjen er eit kvitt vegghengt toalett. Dusjnisje er eit rett dusjhjørne i storleiken 80x80cm
med sikkerheitsfolie. Sluken i dusjnisjen er bakmonterti svart stålristl. Baderomsmøblane på loftet har
kvite frontar med to skuffer og eit spegelskap i fargen kvit. Toalettet på loft er eit golvmontert toalett. Sluk er
standard i svart stål.
- Yang: Baderomsmøblane i hovudetasjen har svarte frontar og ein rund lysspegel med ein diameter på
70cm. Toalettet er eit svart vegghengt toalett. Dusjnisjen har dusjdører i storleiken 80x190 og har svarte
sprosser. Sluken i dusjnisjen er ei bakmontert svart slukrist. Baderomsinnreiinga på loftet er ei svart
innreiing med eit tilsvarande spegelskap. Toalettet på loft er eit golvmontert toalett i fargen svart.
Listverk
- Yin: Der det er fòringar og listverk til vindauge og dører, og dessutan listverk til golv i bustadrom, leverase
som i kvit og av Bergene Holm.
- Yang: Der det er fòringar og listverk til vindauge og dører, og dessutan listverk til golv i bustadrom,
leverast svartmalt frå Bergene Holm.
Det vert levert isolert stålmodulpipe i svart.
- Yin: Golvståande peisomn i svart med sideglas.
- Yang: Veggengt peisomn pipe i svart utan brannmursplate og med sideglas.
Elektrisk
-Yin: Stikkontaktar, brytarar og LED-spottar vert levert i standard kvit utføring.
-Yang: Stikkontaktar, brytarar og LED-spottar vert levert i svart utføring.
Detaljer og spesifikasjoner kjem i vedlagd leveransebeskrivning frå utbyggjar/selgar.