Reguleringsmessige forhold
Området er regulert til boligformål.
Kommuneplaner på eiendommen:
Osterøy kommune 2017
PlanID: 12532011003. Planføresegner sist rev. 20.12.2019 // endeleg vedtak jf. HS-sak 055/17 -
20.09.2017/Adm.vedtak mindre endring 2019
PLANFØRESESEGNER FOR
OMRÅDEREGULERING VALESTRAND SENTRUM,
OSTERØY KOMMUNE
GNR 137/4,5,41 og 136/3,118 m.fl
PlanID: 1253 2011 003
(pbl § 12-7)
Saksnummer: 11/649 og 14/556 og 19/1699
Dato sist revidert: 20.12.2019 jf. vedtak HS-sak 055/17 møtedato 20.09.2017/Adm.vedtak 20.12.2019
Føremålet med planforslaget er å legga til rette for sentrumsføremål, herunder forretning, kontor, næring,
overnatting, bevertning og offentleg / privat teneste yting , bustad, undervsning, idrett,leik, grøntareal og
museumsføremål med tilhøyrande infrastruktur.
I henhold til reguleringskart ligger boligen i fargekoden gul (B18). Området er regulert til bolig, småhus,
blokker og garasjeanlegg. Følgende reguleringer gjelder gul sone:
2.7 I område B0 til B20 og B22 til B38 er det tillate å føre opp eine- eller tomannsbustad. Unntak er felt
med krav til detaljregulering og B7 . Detaljregulering skal ta stilling til type bustad.
2.8 For felt, der det ikkje er sett krav om detaljregulering, som vil krevje felles løysing for tilkomstveg skal
det ved søknad om løyve til tiltak ligga ved prosjektert vegløysing for felles tilkomstveg som mogleggjer
utbygging av potensialet innan feltet. Tilkomst til gnr. 135/bnr.25 og 28 må koplast saman med ny
avkjørsleveg i Vågenessvingen til gnr. 135/bnr. 97 med fleire.
2.9 Utforming av bygg i skrånande terreng skal avtrappast og ha underetasje.
2.10 I B14 skal ein av leikeplassane løysast sør-aust/sør i planområdet og med god tilkomst for
tilgrensande bustader i nordre del av B13.
2.11 Utnyttingsgrad går fram av plankartet.
2.12 På ubebygde tomter kan det oppførast ny bustad.
2.13 Maksimal tomtestørrelse er 1 daa for eine- og tomannsbustader.
2.14 Det skal etablerast minimum 25 m2 tilrettelagd leikeareal pr bustadeining.
2.15 For B0-B37 er maksimal mønehøgd 9 m og maksimal gesimshøgde 8 m. For felt med krav om
detaljregulering skal detaljreguleringa ta stilling til mønehøgd og gesimshøgd.
2.16 For B7 kan det etablerast lågblokk eller terrasseblokk med inntil 3 etasjar med bueiningar. Maksimal
mønehøgd er 10 m over gjennomsnittleg planert terreng, men ikkje over kote +35.
2.17 For B12 og B37 skal endeleg fastsetting av plangrense skje i samband med oppstartsmøte. For B12
skal særleg trafikk, tal på einingar, høgder, samt sikring mot ras vurderast. For B37 må ein vurdere
soltilhøve, tilgjenge og kvalitet på leikeareal. Det skal takast særleg omsyn til vegtilkomst, leikeareal og til
terreng ved utforming av bygningar. Areal for BKL13 kan takast med i detaljregulering for å vurdera betre
lokalisering og utforming av leik, gangveg/snarveg frå/til skulen og bygningar i situasjonen.