Byggemåte
Fundament og grunnmur er utført i plasstøpt betong. Veggkonstruksjonen er oppført i lett bindingsverk,
isolert med mineralull og med vindsperreplater av gips. Utvendig fasade består av en kombinasjon av
liggende og stående trekledning, der det er observert musebånd og ventilasjon i bakkant av kledninga.
Vindu med tolags isolerglass er montert i veggliv. Takkonstruksjonen er utforma som saltak og tekket
med takstein i betong. Snøfangarar er montert på takflata, og takvatnet blir ført via aluminiumsrenner til
drensledning og vidare bort fra bygningskroppen.
Balkongen er oppført med tradisjonelt bjelkelag som kviler på dragere, understøttet av søyler i front. Under
terrassebord er det lagt protan som fungerer som tettesjikt. Terrasse ved inngangspartiet er troleg
forankret i vegg og understøtta mot terreng i front.
TG 2 i tilstandsrapporten.
Bad Overflate gulv
Fallforhold:
Vurderinga er gjort opp mot krava som var gjeldande ved oppføringstidspunktet (TEK17). Fallforholda er
målt med streklaser på tilfeldig utvalde punkt. Ujamnheiter i overflata kan ikkje utelukkast, men
måleresultata gjev eit representativt bilete av utføringa.
Måleresultat:
- Nedsenk i dusjsona ligg 5-10 mm under resterande golv. Fall i nedsenk er målt til 1:125.
- Resterande golv har svakt fall med enkelte flate parti. Motfall er registrert ved dør.
- Frå sluk til topp flis ved terskel er det målt ei høgdeforskjell på 2,7 cm.
- Terskelhøgd er målt til 1,6 cm.
Avvik frå krav:
- Nedsenka del skal liggje minimum 10 mm under resterande golv. Fall i nedsenk skal vere minimum
1:100.
- Motfall på golv er ikkje akseptert.
- Det er ikkje dokumentert membranoppkant ved dørterskel.
Vidare er det registrert bom/holrom under enkelte fliser, samt førekomst av sølvkre.
Avvika i fallforhold kan føre til at vatn ikkje vert leia effektivt til sluk. Dette aukar risikoen for vassansamling,
fuktbelastning og inntrenging i konstruksjonar, særleg ved dørterskel der motfall er registrert og
membranoppkant
ikkje er dokumentert. Bom/holrom under fliser kan på sikt føre til oppsprekking og redusert levetid for
overflata.
Førekomst av sølvkre indikerer fuktige tilhøve som kan forsterke behovet for godt reinhald og ventilasjon.
Samla
sett gir avvika auka risiko for følgeskadar og vedlikehaldsbehov over tid.
Kjøkken
Det er montert lekkasjestoppar, men føler er ikkje ført inn under oppvaskmaskina slik forskrifta krev. Dette
er å rekne som eit avvik frå gjeldande krav, og det vert tilrådd å flytta følaren inn under oppvaskmaskina
slik at denne vassinstallasjonen er tilfredsstillande lekkasjesikra. Manglande plassering av føler under
oppvaskmaskina kan føre til at ei eventuell lekkasje ikkje vert oppdaga i tide.
Dette aukar risikoen for meirskadar i golvkonstruksjonen og nærliggande bygningsdelar.
Balkonger, verandaer og lignende
Terrassar, trapper, ramper og liknande med høgdeforskjell på 0,5 meter eller meir til underliggande
terreng/plan skal sikrast med rekkverk.
Rekkverket på balkongen har liggande lysopningar på ca. 3 cm, som overstig minstekravet på 2 cm.
Utforminga inviterer til fotfeste og medfører auka risiko for klatrefare. Fall og personskadar kan vere ein
konsekvens av avvika. Balkong- og terrassedekket manglar overflatebehandling. For å sikre lang levetid
og vern mot slitasje, vert rens og overflatebehandling anbefalt. Enkelte bord har grove sprekker, og desse
bør skiftast ut med nye for å oppretthalde tryggleik og estetisk kvalitet.
Se vedlagt boligsalgsrapport avholdt 17.09.25, hvor ovennevnte opplysninger er hentet fra, for
nærmere teknisk beskrivelse av eiendommen.