Byggemåte
Eigedomen er oppført som skulebygg med ukjent byggeår, men ombygd til leilegheiter i 2025.
Hovudkonstruksjonen er vidareført frå denopphavlege bygningen, med bærande ytterveggar og
etasjeskille i betong og siporex.
I samband med ombygginga er det utført omfattande oppgraderingar. Det er etablert nye innvendige
konstruksjonar, inkludert nye lettvegger, golvoppbygg, himlingar og overflater. Det er installert nye
vindauge, samt komplett nye tekniske anlegg for vann- og avløpssystem, elektriske installasjonar,
oppvarming og ventilasjon. Bustaden har såleis tekniske løysingar i samsvar med gjeldande
standard og forskrifter frå 2025, medan hovudkonstruksjonen i ytterveggar og etasjeskilje er eldre. Gjer
merksam på at det kan vera søkt om unnatak frå teknisk forskrift ved oppføring av denne bustaden. Dette
er ikkje underteikna orientert om.
Det er ikkje framlagt beskrivinger av oppbygging av konstruksjonen. Beskrivinger av oppbygging er henta
frå befaringa. Det er ikkje gjennomført destruktive inngrep i konstruksjonen for å kontrollere byggemetode.
Byggemetode kan avvike noko frå underteikna si beskriving.
BESKRIVELSE AV INNVENDIGE OVERFLATER (vegger, tak og gulv):
Innvendige overflater er i hovudsak beståande av
Himling: Sparkla og malt gips
Vegg: Sparkla og malt gips. Fliser på bad.
Golv: Laminat. Fliser på bad og i entre.
Merknad:
Ved oppføring av bustaden vart det avdekt feil og manglar knytt til trinnlydsdemping i golv. Feil og manglar
er i ettertid utbetra, og løysinga skal no vere i samsvar med gjeldande tekniske forskrifter.
Se vedlagt Tilstandsrapport avholdt 06.10.25, hvor nedenfornevnte opplysninger er hentet fra,
for nærmere teknisk beskrivelse av eiendommen.