Byggemåte
Turisthytte:
Grunn og fundamenter:
Den eldste delen har fundament av naturstein som er lagt opp på stedlige massar.
Dei nyare påbygga har betongfundament og grunnmur i leca. (dels upussa).
Ytterveggskonstruksjon:
Eldste delen er utført i lafta tømmer. Bygningen ellers er utført i bindingsverk.
Fasader:
Utv. værhud av beisa trekledning og lecamur, dels upussa.
Utvendige dører og vinduer:
2 lags vindauge av varierande alder og utføring. Ytterdørar vart skifta i 2019. Ytterdør på anekset er ikkje skifta, den er skada.
Seljar opplyser at vegg og vindauge ved resepsjonen og på motsett side i spisesalen er deformerte, og to vindauge har sprekt. Dette skuldast truleg vekta av det tidlegare torvtaket.
Nye vindauge er bestilte, og det er gjort avtale med snikkar om utskifting av vindauga og utbetring av skeivskapane.
Vindauget med størst skade skal skiftast før vinteren, medan resten av arbeidet er planlagt utført til våren, før den nye sommarsesongen.
Seljar opplyser også at ved svært kraftig nedbør kan det kome inn vatn eller snø i kjellaren. Det er avtalt med snikkar at dette skal utbetrast samtidig med utskifting av vindauge til hausten.
Takkonstruksjon:
Plassbygde takkonstruksjonar av sperretak. Bæring er dels utført av langsgåande dragarar.
Taktekking:
Tekking er dels utført av torv og dels bordtak.
Innvendige overflater golv:
Golv har varierande utføring og slitasje. Belegg, tregolv og betong.
Innvendige overflater vegg:
Synleg tømmer, panel og plater. I kjellar er det noko murveggar.
Innvendige overflater himling:
I stor grad utført av panel
Innvendige trapper:
Plassbygde trapper i mur og tre.
Steinhus:
Steinhus med veggar murt i naturstein, enkel utføring, torvtak.
Fjøsdel er oppført i uisolert bindingsverk. Enkel plassbygd saltakkonstruksjon.
2 like hytter:
Hyttene er oppført av brakkeseksjonar som vart ombygde og utvida i 1984.
Bygningane har generelt enkel standard og vert nytta som bustad for personalet.
Det er registrert noko setningsskade spesielt på eine hytta. Reparasjon er pårekneleg.
Aneks- vaskerom-lager:
1. etg. er utført i pussa leca, (noko skade på murpuss).
Over 1. etg. ligg det trebjelkelag. Plassbygd bindingsverk og plassbygd saltakkonstruksjon tekka med papp.
Enkle vindauge med noko fuktskade. Enkelt åpent el. anlegg frå byggjeår.