Byggemåte
Bustaden er ein einebustad oppført i 2014 som bustad/våningshus, med grunnmur av isolerte element og opplyste stripefundament av betong under grunnmuren. Rundt huset er det opplyst å vere drenerande massar med drensrøyr, og tomta er bygd opp med komprimert sprengstein.
Ytterveggene har bindingsverkskonstruksjon frå byggjeåret og er kledde med liggjande bordkledning.
Takkonstruksjonen har sperrekonstruksjon med taktekking av stål-/aluminiumsplater. Taket er besiktiget fra taknivå i følgje vedlagt tilstandsrapport.
Beslag, takrenner og nedløp er utførte i svartlakkert stål.
Bygningen har måla trevindauge med 2-lags glas, måla hovudytterdør og måla balkongdør i tre.
Etasjeskilja består av trebjelkelag, og mot grunnen er det støypt betongplate.
Utvendig er det terrasse i trekonstruksjon med tregolv. Bustaden har òg innvendig trapp i måla tre
TG2 – Avvik som kan krevje tiltak
Innvendig > Overflater
Avvik:
- Laminatgolv har stadvis skadar og har gått opp i endeskøytane.
Våtrom > Loft > Bad > Overflater golv
Avvik:
- Det er påvist riss/sprekker i flisfuger.
- Det er påvist sprekker i fuger mellom golv og vegg.
- Det er nytta sementbasert fugemasse i overgangen mellom golv og vegg. Dette er ikkje ei optimal løysing, då det lett kan oppstå sprekker ved rørsler i huset. Det burde vore nytta fleksibel fugemasse i overgangen for å unngå sprekker.
Våtrom >1. Etasje > Bad > Overflater vegger og himling
Avvik:
- Det er påvist riss/sprekker i flisfuger.
- Det er registrert svertesopp i silikonfuger.
- Silikonfuger i overgangen mellom golv og vegg har sprekker.
- Det er påvist hol i fliser etter ein fjerna installasjon. Hola er tetta med silikon.
Våtrom > 1. Etasje > Bad > Overflater golv
Avvik:
- Det er påvist at enkelte fliser har bom (holrom under flisene).
Våtrom > 1.Etasje > Bad > Sanitærutstyr og innreiing
Avvik:
- Det er påvist skadar på innreiinga.
- Det er påvist svelleskadar på innreiinga.
Våtrom >1. Etasje > Bad/vaskerom > Overflater vegger og himling
Avvik:
- Det er teikn til fuktskadar i nedkant av våtromsplater.
- Det er påvist antyding til svelling nedst i plateskøytane i dusjen, og fugene mot sokkellista er ikkje fullstendig metta.
Kjøkken > 1.Etasje > Kjøkken > Overflater og innreiing
Avvik:
- Det er påvist skadar på overflater/kjøkkeninnreiing utover normal slitasje.
- Det er påvist svelleskadar på enkelte frontar.
TG IU – Konstruksjonar som ikkje er undersøkte
- Tomteforhold > Utvendige vass- og avløpsleidningar
Utvendige vassrøyr og avløpsrøyr er av ukjent type. Det er septiktank med overløp til grøft og privat brønn.
- Tomteforhold > Septiktank
Septiktank i glassfiber.
Sæterhus, byggeår 1980(byggeåret er usikkert):
Stølshuset er oppført av eldre brakkeseksjonar av trekonstruksjon. Det er røyst saltak i trekonstruksjon med tekking av stålplater. Veggene
er kledd med ståande bordkledning og det er eldre to-lags vindauger. Inne i stølshuset er det golv av tre, vegger har måla panel og taket
ubehandla panel. Det er bygd eit tilbygg på huset som rommar bod og enkelt toalettopplegg. Stølshuset har ikkje innlagt vatn eller straum.
Det er enkelt solcelleanlegg for straum til lys etc. og det er gasskomfyr.
Stølshuset held enkel standard og har synlege behov for vidare vedlikehald og oppgradering, men er brukbart og vil truleg fungere godt som stølshus og stad for rekreasjon.
Steinstova med badstu og andre eldre eller forfallne bygningar er ikkje synfart opplyser takstmann i vedlagt landbrukstakst.