Byggemåte
Plata og ringmur i betong mot underliggande massar av kult og isolasjon. Ytterveggar er i lett
bindingsvirke med utvendig vindsperr og
lekter til fordel for liggande dobbeltfalsa kledning. Innvendig har ytterveggar truleg påmontert dampsperr
før behandla gipsplater.
Takkonstruksjonen er av typen saltak tekka med betongstein.
Ut over generell byggemåte har følgende bygningsdeler blitt bemerket i tilstandsrapporten:
Følgende har fått TG2:
Terrengforhold
Bygningsdelen vert vurdert til TG 2 på grunn av feil terrengfall mot grunnmur. Ein kosekvens av
manglande fall frå bygningskroppen kan vere økt fuktbelastning mot grunnmur og is dannelser langs
vegg på vinterstid.
Yttervegger
Bygningsdelen vert vurdert til TG 2 etter funn av fuktig ved i enkelte kledningsbord, søyler og hjørnekjølar.
Områda er observert i nærleiken av terreng. Mindre sprekker er observert i enkelte bord. Spor for lufting
manglar i bakkant av kledning ved terrasse. Ei forkorta levetid kan vera ein konsekvens av alder,
vedlikeholdsnivå og funn gjort på befaringsdagen. Utskifting av fuktig material vert anbefalt saman med
skraping og ny overflatebehandling.
Undertak, lekter og yttertekking (taktekkingen)
Bygningsdelen vert vurdert til TG 2 på grunn av manglande snøfagar. Betongstein med ru/granulert
overflate har ein friksjonskoeffisient på ca 0,5. Dette gjev krav til snøfangar der takvinkelen overstig 27
grader. Dette taket er målt til 30 grader. Snøfangar skal sikra eigarar, underliggande bygningsdeler og ein
eventuell tredjeperson for skade. Anbefalar å få dette montert for å unngå materiell- og personskadar.
Tilstand på taket elles er ikkje kontrollert då takflata ikkje er synleg frå tun.
Bad Overflate vegger og himling
Badet vert vurdert til TG 2 grunna alder og manglande dokumentasjon. Ein konsekvens av
dokumentasjonsmangel kan vera at arbeidet er utført av bedrifter/personar utan kunskap, eller at produkt
som er nytta ikkje er godkjente. Ei forkorta levetid kan vere ein konsekvens.
Bad Overflate gulv
Badet vert vurdert til TG 2 grunna manglande dokumentasjon, fall og bom i flis. Ein konsekvens av
dokumentasjonsmangel kan vera at arbeidet er utført av bedrifter/personar utan kunskap, eller at produkt
som er nytta ikkje er godkjente. Manglande fallforhold vil føra til vannansamling på golv, og lekkasje til
andre bygningsdeler kan vera ein konsekvens. Manglande dekningsgrad av flislim er truleg årsaka til
bom/hullrom under flis ved toalett. Ei forkorta levetid kan vere ein konsekvens av funna som er gjort.
Bad Membran, tettesjiktet og sluk
Badet vert vurdert til TG 2 grunna alder og manglande dokumentasjon. Ein konsekvens av
dokumentasjonsmangel kan vera at arbeidet er utført av bedrifter/personar utan kunskap, eller at produkt
som er nytta ikkje er godkjente. Ei forkorta levetid kan vere ein konsekvens dersom oppbygginga er feil.
Keramiske fliser på membran har ei forventa levetid på 10-20 år. Tettesjikt/membran frå byggeår (14 år)
har ei usikker gjennverande rest levetid, og er i følge Sintef Byggforsk kategorisert som ein
risikokonstruksjon. Lekkasje til andre bygningsdeler kan vera ein konsekvens av funna som er gjort.
Kjøkken Kjøkken
Bygningsdelen vert vurdert til TG 2 etter funn av inntørka fuktskjolder i golvoverflata under kjøkkenhjørna.
Det vart ikkje observert lekkasje ved funksjonstest av vask på befaringsdagen. Jamnleg kontroll av
området vert uansett anbefalt for å registrera eller utelukka eventuelle problemområder. I tillegg vert det
anbefalt installering av automatisk lekkasjestopper. Dette vil minimera skadeomfanget ved ein eventuell
lekkasje.
WC og innvendige vann- og avløpsrør
Bygningsdelen vert vurdert til TG 2 grunna svak avrenning frå vask på bad, funn av inntørka fuktskjolder
under kjøkkenskrog og manglande nøkkel for tilkomst til fordelerskap. Jamnleg kontroll, og utbetring av
mulige og registrerte avvik vert anbefalt.
Andre bemerkninger:
Elektrisk anlegg og samsvarserklæring:
Enkelte lause stikkontaktar og brytarar.
Det er meir en fem år sidan DLE har hatt tilsyn på anlegget.
Samsvarserklæring er ikkje framlagt
Se vedlagt boligsalgsrapport avholdt 08.11.24, hvor ovennevnte opplysninger er hentet fra, for
nærmere teknisk beskrivelse av eiendommen.