Byggemåte
Bygget er oppført i trekonstruksjon, takkonstruksjonen er av typen saltak tekka med granulerte takpanner
av stål. Se forøvrig vedlagt tilstandsrapport for detaljer.
Heimelshavar opplyser at vedlikehald og utskifting av utvendige bygningsdeler ligg under sameiga sitt
ansvar.
Bygningsdeler utanfor leiligheita er difor ikkje vurdert i denne rapporten.
Følgende er bemerket i tilstandsrapporten og følgende bygningsdeler har fått TG2:
Vinduer og ytterdører:
Byggningsdelen vert vurdert til TG 2 etter funn av fukt og påbegynnande råte i karmar. Dette er spessielt i
terskel og nedre del av terrassedør, men det er og registrert på baderomsvindauga.
Balkonger, terrasser, veranda og lignende:
Protan/sanafil fungerer som tettesjikt men må dekkast til av "gangbar" overflate (terrassebord eller
liknande). Gangtrafikk på tettesjiktet kan føra til punktering/lekkasje.
Bad - Overflater - Gulv:
Tilfeldig utvalte fliser/fuger er kontrollerte for bom/sprekker. Bom i flis, manglande vedheft i silikonfug og
missfargar i fug er registrert.
Fallforholdet er målt med streklaser på tilfeldig utvalte punkt. Ujamnheiter i overflata kan ikkje utelukkast.
Fallforholdet vert vurdert til 1:50 innanfor dusjens nedslagsfelt. Golvet elles er vurdert til ca. 1:100 med
enkelte ujamnheiter. Frå sluk til flis ved dørterskel er det målt 7,3 cm høgdeforskjell. Terskelhøgd er målt
til ca 2 cm.
Bad - Overflater - Vegger:
Tilfeldig utvalte fliser/fuger er kontrollerte for bom/sprekker. Ingen avvik er registrert på befaringsdagen.
Det er observert utette gjennomføringar i flis ved varmt- og kaldtvatn til dusj. Dette kan ha ein samanheng
med missfargar i silikonfug i overgang golv-vegg. Vatn som renn langs veggen kan verta ført inn bak flis
og samla seg i nedre del langs vegg.
Bad - Membran, tettesjikt og sluk (i gulv eller vegger):
Tettesjikt er observert i veggområdet rundt vassfordelerskap. Tettesjikt/mansjett er ikkje observert i sluk.
Det er usikkerheit i om membranen er forankra til sluk under klemring då området rundt sluk er tildekka
av flislim. Det vert aldrig utført destruktive inngrep for å koma til membran under flis. Det vert forutsatt og
forventa at det er nytta tettesjikt i heile underlaget. Alder på tettesjiktet (15 år) er nytta som grunnlag for val
av tilstandsgrad. Trådløs overflatemåling av eventuell fuktigheit er ikkje utført. Dette kan gje feil indikasjon
då ein ikkje veit om fuktigheita er på rett eller feil side av tettesjiktet.
Bad - Sanitærutstyr / armaturer og innredning:
Det som kan sjå ut som inntørka druppmerker er observert i servantskap. Dette er her truleg av andre
årsaker en lekasje, men det vert uansett anbefalt jamnleg kontroll for å utelukka eventuelle
lekasjeområder. Dersom det syner seg at det er ein liten lekasje her dreier det seg truleg kun om enkel
ettersnøring av koplingar. Arbeidet bør utførast av autorisert foretak.
Det kan sjå ut som at vegghengt toalett manglar dreneringsspor for tidleg synleggjering av eventuelle
lekasjar, og inspeksjonsmoglegheit. Dokumentasjon rundt vegghengt toalett er ikkje framlagt.
Innvendige overflater - Dør til baderom:
Dørhåndtak går feil veg og er løst.
Kjøkken - Overflater - Gulv:
Fuktskjolder er observert bak sokkel (under kjøkkenskrog). Heimelshavar opplyser at merkene har vore
der i lang tid, og at det truleg stammar frå ein lekkasje før hans eige. Ingen avvik vart registrert ved
funksjonstest av vask.
Kjøkken - Innredning:
Visuell kontroll av overflater er utført. Sår og hakk i frontar er observert.
Fuktskader er observert på benkeplata rundt feste for blandebatteri.
Tekniske anlegg, VVS-anlegg - Vannrør (stoppekran):
Pex/røyr i røyr system. Fordelerstamma i fordelerskapet er ikkje forankra.
Stoppekran skal vera lett tilgjengelig dersom ein lekasje skulle oppstå. Slik det er på befaringsdagen
tilfredstiller ikkje innvendig tilkomst og stoppekranar til å stenga vatnet på ein effektiv og forsvarleg måte.
Elektrisk anlegg
Helhetsvurdering av det elektriske anlegget:
Sikringskap med automatsikringar plassert i stova/kjøkken. Det er truleg Vangen elektriske som har hatt
arbeidet med det elektriske anlegget, men dokumentasjon/samsvarserklæring er ikkje framlagt.
Samsvarserklæring er ein garanti på utført el-arbeid som skal følga leiligheita.
Følgende bygningsdeler er ikke undersøkt:
Takkonstruksjon
Geologiske forhold
Tekniske anlegg, VVS-anlegg
Se vedlagt boligsalgsrapport avholdt 22.08.24, hvor ovennevnte opplysninger er hentet fra, for
nærmere teknisk beskrivelse av eiendommen.