Byggemåte
Plasstøypte søylepunkt og grunnmur direkte mot underliggande berg. Bygningskroppen elles er oppført i
lett bindingsvirke med
asfaltplater på kald side. Desse fungerer som vindsperresjikt og avstiving av konstruksjonen.
Villmarkskledning på utvendig fasade.
Vindauger med kopla glass er montert i veggliv. Tradisjonelt bjelkelag mot "krypkjeller", med påmonterte
asfaltplater på kald side.
Takkonstruksjonen er av typen saltak tekka med asfaltshingel. Heimelshavar opplyser at det er etablert 5
cm luftesjikt i
takkonstruksjonen. Luftespalter er observert i øvre del av langvegger. Sørvendt veranda overbygd med tak.
Byggemetode er kantbjelke på
vegg og tradisjonelt bjelkelag som kviler på dragar i front. Søyler fører laster ned til terreng.
Heimelshavar opplyser at det er isolert med:
- 20 cm i golv.
- 15 cm i ytterveggar.
- 20 cm i tak.
Ut over generell byggemåte er følgende bemerket i tilstandsrapporten.
Følgende har fått TG3:
Terrengforhold
Konstruksjonen er bygd direkte mot skrånende berg. Terrenget fører vatn direkte mot grunnmur.
Heimelshavar opplyser at det er bort hull i nedre del av grunnmur for å drenere vatn vekk frå grunnmur.
Vatnet renn fritt gjennom krypkjelleren. Utbetring av avviket vert ikkje anbefalt, då kostnaden er for stor i
forhold til "kost/nytte" verdi. Så lenge konstruksjonen er open er ikkje dette noko stort problem. Ising på
vinderstid kan forekoma.
WC og innvendige vann- og avløpsrør
vatn og avløp er ikkje funksjonstesta på grunn av lekkasje i toalettrom. Lukt i toalettrom kan ha med svak
lufting for snurredass. Vatn- og avløpsrøyrer er ikkje isolerte, og frost vinterstid kan forekoma. Utbetring
vert anbefalt. Prisestimatet tek utgangspunkt i reperasjon av lekkasje på toalettrom. Avvik utover det kan
forekoma. Takstmannens prisvurdering ved utskiftning antas mellom Kr. 10.000. - og 25.000.-
Følgende har fått TG2:
Vinduer og ytterdører
Bygningsdelen vert vurdert til TG 2 då det ikkje er montert beslag under og over karmar som er utsette for
regnog snøvær. Opningar inn til karm er registrert bak utvendig listverk. Lysinnslipp mellom dørblad og
karm for verandadør.
Undertak, lekter og yttertekking (taktekkingen)
Overlappinga av asfaltshingelen har mista vedheften til underlaget enkelte plassar. Opne sprekker langs
mønet er observert. Blykragen som fungeger som tetting i overgang takflate-pipevegg er utenfor sporet i
pipa, og manglar fug. Mansjett for avløpslufting manglar vedheft til underlaget, og er ikkje overlappa av
taktakkinga i bakkant mot mønet. Fornying av taktekking vert anbefalt.
Kjøkken Kjøkken
Gassvarsler er ikkje montert. Overgang mellom benkeplate og vegg er ikkje tett. Svimerke i overskap.
Stoppekran er stengt på grunn av lekkasje i toalettrom. Vatn- og avløpsanlegget er difor ikkje
funksjonstesta.
Ventilasjon
Bygningsdelen vert vurdert til TG 2 på grunn av manglande ventilar og luftveksling mellom rom. For at luft
skal vandra fritt mellom rom skal det vera luftespalte under innvendige dørblad, eller ventilar i innerveggar.
Slik det er i dag fungerer ikkje luftvekslinga tilfredstillande dersom innerdører er lukka. Dårleg inneklima
er ein konsekvens av manglande friskluftsventilar og luftveksling mellom rom. Utbetring vert anbefalt.
Se vedlagt boligsalgsrapport avholdt 20.09.24, hvor ovennevnte opplysninger er hentet fra, for
nærmere teknisk beskrivelse av eiendommen.