Byggemåte
Bustaden er oppført med grunnmurar og ytterveggar i betong.
Innvendig er veggane lekta inn med platekledning på veggar. Ukjent mengde isolasjon.
Takkonstruksjonen er av typen saltak.
Truleg oppbygd med sperrer som kvilar på ytterveggar og som er knytta saman i mønet.
Taket er tekka med skifer. Undertak er truleg av sutaksbord med takpapp.
Ukjent mengde isolasjon i tak.
Vindauger er av typen 2-lags glas monter i trekarm og aluminiumskarm.
Sidehengsla vindauger i 2. etasje. Fastkarm i 1. etasje.
2 stk takglas av typen Velux. Takglas er skifta i seinare tid.
Utover generell byggemåte er følgende bemerket og fått TG2 i tilstandsrapporten:
Byggegrunn, fundamenter, grunnmur, drenering og sikring mot vann og fuktighet
Punktet vert vurdert til TG2 med bakgrunn i alder på bygningsdelar og generell slitasje.
Det er registrert nokre riss/sprekker i grunnmur. Riss/sprekker i grunnmur kan trekke fukt. Mindre
vedlikehald anbefalast.
Terrengforhold
TG2 grunna mangelfult fallforhold på tomta.
Konsekvens er unødvendig overflatevatn som renn mot konstruksjonen/bygningskroppen. Fukt mot
bygningskroppen kan vera ein faktor som forårsakar fuktigheit i grunnmur og under bygget.
Yttervegger
Ytterveggar er vurdert til TG2 med bakgrunn i mindre vedlikehald som bør utførast.
Tette/behandle riss/sprekker i betong for å hindre fukt i trenge inn i konstruksjonen.
Vinduer og ytterdører
Vindauger og yterdører er vurdert til TG2 med bakgrunn i alder og mindre skader.
Vindauger i 2. etasje er truleg av ein slik alder at dei bør haldast under tilsyn og jamnleg vedlikehald bør
utførast.
Ytterdør har lysinnslepp over dørblad. Noko justering må til.
Anbefalar å fuge rundt karm utvendig.
Undertak, lekter og yttertekking (taktekkingen)
Taktekkinga vert vurdert til TG2 med bakgrunn i alder. Det vil vera slitasje over tid og det er særs viktig
med gode detaljar rundt gjennomføringar i tak (takglas.)
Konsekvens ved svikt i tettinga er lekkasjar inn i konstruksjonen. Utfør jamnleg vedlikehald og utfør tiltak
ved behov.
Bad Overflate vegger og himling
Overflate himling og vegg er vurdert til TG2 med bakgrunn i generell slitasje og mindre skader på plater.
Samt mangelfull montering, då det manglar sokkellist i nedekant på baderomsplater.
Opningar, skruehull og eksponerte kuttflater/ender på baderomsplater kan trekke fukt.
Bad Overflate gulv
Overflate golv er vurdert til TG2 med bakgrunn i alder og generell slitasje.
Fall på golv er ikkje tilfredsstillande. Noko motfall er registrert og lokalt fall ved sluk er ikkje tilfredsstilt.
Konsekvens ved manglande fall på golv kan vera lekkasje mot tilstøytande rom.
Bad Membran, tettesjiktet og sluk
Tettesjikt vert vurdert til TG2 med bakgrunn i generell slitasje og alder.
Belegg har noko dårleg vedheft mot underlaget og det er registrert nokre luftbobler under belegget.
Baderomsplater er noko slitt og det manglar sokkellist i underkant av baderomsplatene.
WC og innvendige vann- og avløpsrør
TG2 grunna varerøyr til vannrøyra ikkje er ført heilt tilbake til fordelarskap.
Eventuelle lekkasjar i vannrøyr skal førast tilbake til fordelarskap og via drenering ut på golv.
Då varerøyr ikkje er trekt inn i fordelarskap vil eventuelt lekkasjevatn i vannrøyr leka ut i veggen rundt
fordelarskap.
Varmtvannsbereder
VVB er vurdert til TG2 grunna alder over 15 år.
Slitasje over tid kan gje lekkasjer i VVB.
Ventilasjon
Ventilasjon er vurdert til TG2 då avtrekksvfita på bad er deffekt.
Elles er det friskluftventilar i bygget. I eit mindre bygg, som aktuelt bygg, kan det fungera bra som
ventilasjon.
Se vedlagt boligsalgsrapport avholdt , hvor ovennevnte opplysninger er hentet fra, for
nærmere teknisk beskrivelse av eiendommen.