Beskrivelse av tomt
Raudlista arter og nasjonalarter:
Ved skogteigen i Sviggaskredene er det fleire markeringar for naturtypar. Det er ikkje kjend at desse uroar den daglege drifta av
eigedomen i følgje vedlagt verditakst.
Sameieområder:
Garden sin andel i felles utmark er skjønnsmessig vurdert til ein verdi av kr 100 000,- Bruket har andel i sameiga gnr 101 bnr 37 som ligg på Sviggafjellet. I nord grensar sameiga til Dalamarki, i aust til bruka på Indre Eikjo, i sør til Molden og i vest til innmarka på Sviggum.
Sameiga er på totalt ca 2728 daa. Om ein legg markskylda for Sviggum totalt sett til grunn, har eigedomen til Arvid Sviggum (bnr 1, 7, 8
og 23) over 45 % andel av sameiga. Dette er opplysningar som må stadfestast/undersøkast nærmare.
I tillegg har bruket andel i felles utmark rundt stølen Brekka på Joranger. Her er andelen av felles utmark ukjend.
Støl:
På grunn av diverse tilkjøp av eigedom, har garden fleire stølar. Den opprinnelege fjellstølen var på Svolsete ca 725 m.o.h. i fjellet opp
mot Molden. Enklaste tilkomst i dag er å køyre til Oppheimshaugen og gå derifrå. Bruket skal ha hatt både sel og fjøs på staden, men kun
murane står igjen. Garden har og stølsrett på (Bruse)Brekka nordvest for Joranger. Selbøen ligg ca 630 m.o.h. og det er i dag
sommarbilveg heilt fram. I følgje bygdeboka for området, stod det framleis eit eldre sel med torvtak på staden tidleg på 2000-talet.
Fjøsen hadde då falle saman. I tilknytning til samme stølsretten, hadde bruket vårstøl på Ulvongo ca 460 m.o.h. og nærmare Joranger. Her står ingen stølshus igjen.
Veg:
Taksten legg til grunn at bruket har vegrett i den private grusvegen frå Opheim til Røyteholet/Midtstølen, samt det private vegnettet på
Sviggo. Det er ikkje kjend kor store andelene er i følgje vedlagt verditakst.
Jord og beite:
Avkastningsverdi på jorda er lagt til grunn. Heile garden er LNF-område i kommuneplanen sin arealdel. 61,6 daa av jorda har ei helling på mellom 1:5 og 1:3, medan 47,1 daa er brattare enn 1:3. Det brattaste arealet er innmarksbeita. Det føreligg ikkje opplysningar om
grøftingsstatus på jorda. Ut frå stikkprøvar under synfaringa framstår jorda med stor trong for engfornying og ugrasbekjemping. Areala har ikkje vore drifta på fleire år og ny eigar må pårekne å drive engfornying på nesten alt arealet. Jorda fordeler seg på 3-4 teigar i rimeleg nærheit av tunet. Dei 5 beiteteigane ligg kring tunet og i Sviggahagane.
Skog:
Det er utarbeida skogbruksplan for Sviggum (101/1). Planen er ruleg frå tidleg på 2000-talet. Det er ikkje kjend kor mykje skog som er
teke ut etter at planen vart laga. Skogbruksplanen opplyser om ståande kubikkmasse på hhv. 869 m3 gran, 3884 m3 furu og 1050 m3
lauvskog. Gjennomsnittleg tilvekstprosent er på 4,0. Vegdekninga i området er varierande. Det må truleg byggast meir traktorveg for å
kunne ta ut resterande kubikkmasse. Fordelinga mellom treslaga var 67 % furu, 15 % gran og 18 % lauvskog på
planleggingstidspunktet. Fordelinga mellom hogstklassane syner i tabellen over. Arealet som syner produktiv skog i skogbruksplanen
og markslagsklassifiseringa i gardskartet stemmer ikkje overeins. Muligens kan noko skog vere omgjort til innmarksbeite etter at planen
vart laga. Eller at delar av sameiga vart teke med i skogbruksplanen for denne eigedomen. Pt. er det planar om å avvirke ca 1100 m3
hausten/vinteren 2026. Det er ukjend kor mykje pengar som står på skogfondet til garden. Det vert anbefalt å oppdatere
skogbruksplanen etter at avvirking sesongen 2026/27 er avslutta.
Det føreligg ein DRIFTS OG TØMMEROMSETNINGSAVTALE med Fram Tre. sjå vedlegg i salsoppgava.
Det er noverande eigar som vil få alle inntekter frå denne avtalen. Det er også noverande eigar som har ansvar for utgiftene.
Planen er å hente ut tømmeret vinteren 2026/2027
Jakt og fiske:
Arealet på garden er opplyst å vere del av felles jaktvald 304 Sviggum. Teljande areal for valdet er på 5116 daa. Ut frå historisk arealkrav på staden, legg ein til grunn at 3 fellingsløyver teoretisk kan knyttast til dette bruket, inkludert andel i felles utmark. Taksten legg til grunn
at eit løyve årleg kan leigast ut for kr 5000,- Med bakgrunn i usikkerheit kring sjukdomstilstand, bestandsutvikling og årleg
avskytingsprosent, vert kapitaliseringsrenta sett til 6 %.