Reguleringsplan
Eigedomen er regulert til bustadføremål. Føresegner for reguleringsplan for Høyheimsvik er gjeldande for dette området.
Opplysningar henta frå vedlagt reguleringsplan:
§ 3 Byggeområde – bustader:
a) I områda regulert til bustader skal det byggjast bustader med tilhøyrande
anlegg. Tillate bygd areal, BYA = 25%.
b) Nye bustadhus kan oppførast i 1 ½ etasje over sokkel. Dei skal ha min
takvinkel 30 grader, men det kan aksepterast avvik frå dette når det gjeld
tilpassing til eksisterande bygningar.
c) Nye bustadhus skal ha maks 6m gesimshøgd og 8 m mønehøgd.
d) Tilkomst, garasje, terrasse i tilknyting til huset skal vera vist på
situasjonsplanen som følgjer med byggjemeldinga for bustadhuset, sjølv om
dei ikkje skal oppførast samstundes med dette.
e) Garasjar og buer kan berre oppførast i ein etasje og skal vera tilpassa
bustadhuset med omsyn til materialval, form og farge.
f) I tillegg til garasje skal det vera plass til 1 bil pr husvære på tomta utanom
veggrunn.
g) Endeleg plassering av bygningane vert fastsett av Luster Kommune.
§ 20 Felles føresegner
a) Kommunen skal ved handsaming av byggjemelding sjå til at bygningane får
god form og materialbruk, og at bygningane i same område får ei harmonisk
utforming.
b) Høgde og utforming på gjerde skal godkjennast av Luster Kommune
c) Korkje gjerde eller vegetasjon må hindra sikta i vegkryss
d) Fellesnærleikeplassar og friområde skal opparbeidast samstundes som
bustadområdet og reknast som ein del av utbyggingskostnadene
e) Støttemurar mot offentleg veg med høgde over 1 m skal sikrast med gjerde.
Langs same vegline skal gjerda ha ei einsarta utforming.
f) Terrenginngrep i samband med trafikkområde skal skje varsamt. Rabattar,
vegskjeringar og fyllingar skal tilplantast eller tilstellast på annan tiltalande
måte.
§ 21 Plankrav
g) Desse føresegnene kjem i tillegg til plan- og bygningslova og
bygningsvedtektene som gjeld i Luster Kommune.
h) Etter at desse føresegnene er sett i kraft, er det ikkje tillate å inngå
privatrettslege avtalar som er i strid med føresegnene.
a) Mindre vesentleg endringar kan godkjennast av det faste utvalet for plansaker
innafor reglane i plan- og bygningslova.