Byggemåte
Ifølgje vedlagde tilstandsrapport er einebustaden oppført i 1986 på ukjend byggjegrunn. Grunnmuren er oppført i Leca med pussa overflate. Det er uavklart om fundamenteringa er utført med plate på mark eller stripefundament.
Drenering og fuktsikring skal vere utbetra på eit seinare tidspunkt, og det er synleg grunnmursplast på austsida av bygningen.
Ytterveggane har liggjande dobbeltfalsa kledning med hjørnekassar på utvendige hjørne og vassbrettbeslag over og under vindauga.
Huset har loftsromstakstolar, med kaldloft over innreidd loft og isolert skråtakflate. Taket er tekt med takstein og har takrenner i plast med nedløp, stigetrinn til skorstein og snøfangarar.
Bustaden har eittløps pipe med innvendig puss og inndekkingsbeslag over tak. Det er vedomn i stova i hovudetasjen.
Ifølgje opplysningar frå Sogn brann og redning vart det utført tilsyn med fyringsanlegget 07.02.2025.
Etasjeskilja er utførte som trebjelkelag mellom kjellar og hovudetasje og mellom hovudetasje og loft, medan kjellaren har golv på grunn.
Vindauga har isolerglas i trekarmar og består av både faste vindauge og sidehengsla opningsvindauge. Ytterdørene består av overflatebehandla kompaktdør ved hovudinngangen, ramtre-dører med glas til veranda og utgang frå kjellaren, samt enkel dør til lagringsplassen under verandaen.
Framfor stova mot sør er det veranda med trebjelkar, underliggjande avrenningsplater, terrassebord som er antekne å vere av kompositt i følgje vedlagt tilstandsrapport, og rekkverk i plast. Det er tretrapp til inngangspartiet og verandaen, samt steintrapp i terrenget ned til underetasjen.
TG2 – Avvik som kan krevje tiltak
- Utvendig – Taktekking:
Vasstett sjikt på taket er eldre enn 18 år.
Det er noko mose på taket.
- Utvendig – Nedløp, beslag og skorsteinar over tak:
Takrennene i plast har preg av elde.
Det manglar snøfangarar på heile eller delar av taket. Takvinkel og type taktekking tilseier at det av tryggleiksomsyn er krav om snøfangarar.
- Utvendig – Ytterveggar/veggkonstruksjon:
Det er påvist spreidde råteskadar i den liggjande bordkledninga. Dette er i hovudsak visuelt registrert i enkelte skøytar og overgangar mot veranda m.m.
Det er inga eller lite lufting i nedre kant av kledninga mot grunnmuren.
- Utvendig – Vindauge og takvindauge/takluker/overlys:
Det er påvist at enkelte vindauge er vanskelege å opne og lukke.
Det er noko sprekkar og slitasje i overflatebehandlinga på karmar/rammer.
- Utvendig – Ytterdører:
Det er påvist at enkelte balkongdører er vanskelege å opne og lukke.
Det er mindre skade på underkanten av dørbladet ved hovudinngangen.
- Utvendig – Balkongar, verandaer, takterrassar og altanar:
Rekkverket er laust/slarkete.
- Innvendig – Overflater, golv:
I boden bak badet i kjellaren er det berre delvis lagt belegg, og dette ligg laust på golvet.
Det er enkelte skadar i laminatet.
- Innvendig – Etasjeskilje og berande konstruksjonar:
Det er registrert merkbare nedbøyingar/skeivheiter.
Det er målt lokal høgdeskilnad på meir enn 15 mm.
Det er målt ein total høgdeskilnad på meir enn 30 mm.
- Innvendig – Pipe/skorstein og eldstader inne i bustaden:
Det er registrert riss i mur/puss.
- Innvendig – Rom under terreng (kjellar, underetasje, sokkeletasje):
For rom under terreng er holtaking ofte ein føresett og viktig del av undersøkinga. Holtaking er likevel ikkje utført då dette er vurdert som unødvendig eller ikkje praktisk mogleg.
Det er påvist indikasjonar på noko fuktgjennomtrenging i kjellarmuren.
- Innvendig – Innvendige trapper:
Det er noko knirk i trappa.
Opningar i rekkverket er større enn dagens forskriftskrav til rekkverk i innvendige trapper.
Opningar mellom trinna i den innvendige trappa er større enn dagens forskriftskrav.
Det manglar handløpar på vegg i trappeløpet, det vil seie list, stong eller handtak langs trappeløpet som ein held i når ein går opp eller ned trappa.
- Våtrom – Loft – Bad – Dokumentasjon for våtrom:
Det ligg ikkje føre dokumentasjon på utføringa av det vasstette sjiktet.
Det ligg ikkje føre godkjend dokumentasjon på diffusjonssperre mot kald sone. Diffusjonssperre mot kald sone er ei fuktsperre som hindrar at varm og fuktig luft frå våtrommet trengjer inn i kalde konstruksjonar og fører til kondens og skadar.
- Våtrom – Loft – Bad – Overflater, golv:
Det er påvist avvik i fallforhold mot sluk samanlikna med krava i forskrifta på tidspunktet for synfaringa.
Det er påvist at enkelte fliser ved døra har symptom på bom (holrom under flisene).
- Våtrom – Loft – Bad – Sanitærutstyr og innreiing:
Det er ikkje påvist tilfredsstillande løysing for å synleggjere eventuell lekkasje frå innebygd sisterne.
- Toalettrom – Etasje – Toalettrom – Overflater og konstruksjon:
Det er noko sprekkar i veggflata og mellom laminatbord i golvet.
- Toalettrom – Etasje – Toalettrom – Sanitærutstyr:
Det er påvist riss/sprekker/skadar i servanten.
- Toalettrom – Etasje – Toalettrom – Avtrekk/ventilasjon:
Toalettrommet har naturleg ventilasjon ut frå forskriftskrava.
- Tekniske installasjonar – Innvendige vassleidningar:
Glødde koparrøyr er eldre enn 15 år og har difor usikker framtidig funksjon.
- Tekniske installasjonar – Innvendige avløpsrøyr:
Avløpsrøyr av ABS-plast er eldre enn 33 år og har difor usikker framtidig funksjon.
- Tekniske installasjonar – Varmtvassberedar/tank:
Varmtvassberedaren er over 20 år og har difor usikker framtidig funksjon.
- Tomteforhold – Fuktsikring og drenering:
Det er saltutslag på innsida av grunnmuren. I følgje vedlagt tilstandsrapport opplyser eigar at han ikkje har registrert symptom eller vidare skadeutvikling, og at dette truleg har samanheng med fukttrekk gjennom muren før det vart montert utvendig fuktsikring.
Under synfaringa vart det registrert at det ikkje er montert tettelist i overkant av fuktsikringa mot aust.
- Tomteforhold – Grunnmur og fundament:
Grunnmuren har sprekkdanningar. Det er ein større sprekk mellom grunnmuren og muren mot carport/bod.
Det er påvist mindre sprekkar og/eller skeivheiter i muren, synlege både innvendig og utvendig.
- Tomteforhold – Terrengforhold:
Terrenget ligg høgt inntil grunnmuren mot aust. Ifølgje eigar har det likevel ikkje samla seg vatn inntil murane ved mykje nedbør eller snøsmelting.
Eigedomen ligg i eit rasfarleg/skredutsett område i samsvar med kommunedelplan/NVE.
- Tomteforhold – Utvendige vass- og avløpsleidningar inkl. overvatn og avløp frå drenering:
I følgje vedlagt tilstandsrapport er det ukjent om det er utvendig stengeventil på vassleidninga og utvendig stakepunkt på avløpet.
TG3 – Store eller alvorlege avvik:
- Våtrom – Etasje – Vaskerom/arbeidsrom – Generelt:
Våtrommet må oppgraderast for å tole normal bruk etter dagens krav.
Tilstandsgraden er sett ut frå alder og vurderingar av forventa levetid. Under synfaringa vart det registrert at det er sluk under vaskemaskina. Dette medfører risiko for skadar ved ei eventuell overfløyming, sjølv om belegget har oppbrett. Eigar opplyser at vaskerommet vert nytta og fungerer til føremålet trass i alderen.
- Våtrom – Kjellar – Bad – Generelt:
Våtrommet må oppgraderast for å tole normal bruk etter dagens krav.
Tilstandsgraden er sett ut frå alder og vurderingar av forventa levetid. Badet har dusjkabinett, og det er ikkje direkte vassprut på overflatene.
Eigar opplyser at badet vert nytta og fungerer til føremålet trass i alderen.
Carport:
Carport med golv på grunn, veggar i bindingsverk med utvendig kledning og pulttak tekt med takstein. Bygningen er uisolert og utan tekniske installasjonar.
Det er registrert vedlikehaldsbehov på takflata, samt behov for delvis utskifting av skadd treverk. Carporten er veldig smal i lite anvendelig til bilparkering.
Carporten er ikkje tilstandsvurdert i samsvar med forskrift til avhendingslova og NS 3600. Omtalen er difor berre ei enkel skildring av bygningen.
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i tilstandsrapport og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedomen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.