Byggemåte
Fritidsbustaden er ein einebustad, truleg oppført tidleg på 1900-talet.
Byggegrunnen består av lausmassar, med drenerande grusmassar nytta til opparbeiding av tomt og fundament. Grunnmuren er ein tørrmura gråsteinsmur frå det opphavlege byggeåret, truleg plassert direkte på terrenget og delvis på synleg fjell i kjellaren. Dreneringa består av drenerande massar, men det manglar utvendig fuktsikring.
Ytterveggane har ein truleg lafta tømmerkonstruksjon som er lekta ut og etterisolert utvendig er det opplyst i vedlagt tilstandsrapport. Fasaden er kledd med liggjande dobbelfalsa perlestaffkledning.
Taket har saltakskonstruksjon med sperrer og langsgåande limtredragarar, og er tekt med pappshingel. Takkonstruksjonen er frå 2021, og loftet er utført som kaldtloft.
I følgje vedlagt tilstandsrapport er det opplyst at laldtloft er kun inspisert frå loftluke. Det er godt synleg ventilar i gavlveggar og det er lav takhøgd og ikkje gangbart areal.
Takrenner og nedløp er av metall.
Bustaden har stålpipe og vedomn frå år 2021.
Etasjeskilja består av trebjelkelag. Det er nytt bjelkelag mellom 1. og 2. etasje, medan bjelkelaget mellom kjellaren og 1. etasje er frå det opphavlege byggeåret.
I følgje vedlagt tilstandsrapport er det opplyst at det er målt cirka 22 mm høydeforskjell frå yttervegg til yttervegg på heile planet i første etasje. Dette er vurdert som normalt med tanke på byggeår. Ellers er det ein del opningar mellom listverk og golvtekke, litt knirk og litt ujamne overflater i spesielt 2. etg. gang/trapperom.
Vindauga er av tre med 3-lags glas, utforma med sidehengsla rammer og midtstolpe. Vindauga er utan luftespalte for ventilasjon.
Vindaugene har óg for liten lysåpning godkjent som rømningsveg.
Hovudytterdøra er ei todelt, måla tredør.
Kjellaren har dels jord- og steingolv og dels betongdekke, og inneheld tekniske installasjonar. Det er ujamne overflater og synleg fjell, og arealet under bustaden er ikkje målbart etter gjeldande reglar for arealmåling opplyser takstmann.
Kjellaren manglar utvendig fuktsikring av grunnmur og kjellargolv, og det er risiko for fuktinntrenging frå både golv og veggar. Arealet er difor vurdert som lite eigna for lagring av organisk materiale.
Garasjen er bygd inntil grunnmuren og er oppført i betong. Det er usikkert om konstruksjonen er fuktsikra utvendig i følgje vedlagt tilstandsrapport, og det er registrert synleg fukt ved døra til garasjen.
Utvendig trapp i tre som følgjer terrenget frå kjellarnivå og opp til tilkomst og takterrasse. Trappa er plassert langs terrenget og er vurdert å ha noko svake konstruksjonar i trinna, mellom anna som følgje av langt spenn mellom trappevangane. Trappa manglar rekkverk og handløpar.
Det er i tillegg ei trapp med to trinn opp til takterrassen. Her bør det monterast rekkverk på sida av trappa. Elles er det kort avstand ned til terrenget.
Eigedomen har takterrasse over garasjen, som er oppført i betong. Det er òg ein platting på terrenget ved inngangsdøra. Ei utvendig trapp i tre går frå kjellarnivået opp til tilkomsten og takterrassen, og er plassert langs terrenget.
TG2 - Avvik som kan kreve tiltak:
- Utvendig – Nedløp, beslag og skorsteinar over tak:
Det er ikkje tilfredsstillande bortleiing av vatn frå taknedløp ved grunnmuren.
Det manglar snøfangarar på heile eller delar av taket. Takvinkel og type taktekking tilseier at det er krav om snøfangarar.
- Utvendig – Ytterveggar/veggkonstruksjon:
Det er påvist manglande gnagarsikring (musetetting).
- Innvendig – Overflater, golv:
Det er påvist knirk i større delar av golvet.
- Innvendig – Etasjeskilje og berande konstruksjonar
Det er målt lokal høgdeskilnad på meir enn 15 mm.
- Innvendig – Rom under terreng (kjellar, underetasje, sokkeletasje):
Det er påvist fuktskjolder/fuktskadar på overflater i underetasje/kjellar.
- Innvendig – Innvendige dører:
Enkelte av dei innvendige dørene har ein del slitasje.
- Innvendig – Skadedyr og fuktkrevjande insekt:
Eigar opplyser at det er/har vore registrert skadedyr.
Det er observert fuktkrevjande insekt.
- Våtrom – 1. etasje > Bad – Dokumentasjon for våtrom:
Det ligg ikkje føre dokumentasjon på utføring av vasstett sjikt.
Framlagd dokumentasjon for vasstette sjikt tilfredsstiller ikkje krava i gjeldande forskrift og standard (NS 3600 A.2.1.9.1, alternativ 1, punkt 1, 2, 3 og 4).
Det ligg ikkje føre godkjend dokumentasjon på diffusjonssperre mot kald sone.
- Våtrom – 1. etasje > Bad – Ventilasjon:
Våtrommet manglar tilluftsventilering.
- Våtrom – 2. etasje > Bad – Dokumentasjon for våtrom:
Det ligg ikkje føre dokumentasjon på utføring av vasstett sjikt.
Framlagd dokumentasjon for vasstette sjikt tilfredsstiller ikkje krava i gjeldande forskrift og standard (NS 3600 A.2.1.9.1, alternativ 1, punkt 1, 2, 3 og 4).
Det ligg ikkje føre godkjend dokumentasjon på diffusjonssperre mot kald sone.
- Våtrom – 2. etasje > Bad – Overflater, veggar og himling:
Det er vindauge/dør med materiale som ikkje er fuktbestandige i våtsona (ved vask, dusj, badekar o.l.). Løysinga eller byggjematerialet er ikkje eigna for plassering i våtsone.
- Våtrom – 2. etasje > Bad – Vasstett sjikt, membran og sluk:
Det er påvist mangelfull/feil utføring rundt røyrgjennomføringar eller liknande, noko som medfører fare for fukt i konstruksjonen i våtsona.
Det er ikkje tilstrekkeleg høgde frå toppen av slukrista til toppen av vasstett sjikt ved røyrgjennomføring eller døropning, sett opp mot forskriftskrava på synfaringstidspunktet.
- Våtrom – 2. etasje > Bad – Ventilasjon:
Våtrommet manglar tilluftsventilering.
- Kjøkken – 1. etasje > Kjøkken – Overflater og innreiing:
Ved bruk av fuktindikator rundt utsette kvitevarer er det påvist indikasjonar på fukt.
- Kjøkken – 1. etasje > Kjøkken – Avtrekk:
Kjøkkenet manglar styrt tilluftsventilering.
Tekniske installasjonar – Innvendige vassleidningar:
Det er påvist ufagmessig utføring av vassleidningar.
I fordelarskapet er det påvist at lekkasjevatn ikkje vert leia til sluk, og det er heller ikkje installert automatisk lekkasjestoppar.
- Tekniske installasjonar – Varmtvassberedar/tank:
Det er ikkje påvist tilfredsstillande elektrisk tilkopling av varmtvasstanken i samsvar med gjeldande forskrift.
Det er ikkje påvist tilfredsstillande avrenning eller anna kompenserande løysing frå varmtvasstanken.
- Tomteforhold – Fuktsikring og drenering:
Det manglar, eller på grunn av alder er det sannsynleg at det manglar, utvendig fuktsikring av grunnmuren ved kjellar/underetasje.
Det er påvist forhøga fuktnivå i kjellarvegg, yttervegg eller kjellargolv.
- Tomteforhold – Grunnmur og fundament:
Normale forhold når det gjeld sprekkar, riss og andre opningar i tørrmura gråsteinsmur.
- Tomteforhold – Utvendige vass- og avløpsleidningar inkl. overvatn og avløp frå drenering:
Det ligg ikkje føre dokumentasjon på vasskvaliteten på brønnvatnet.
TG3 – Store eller alvorlege avvik
- Våtrom – 1. etasje > Bad – Overflater, veggar og himling:
Det er vindauge/dør med materiale som ikkje er fuktbestandige i våtsona (ved vask, dusj, badekar o.l.). Løysinga eller byggjematerialet er ikkje eigna for plassering i våtsone.
Det er påvist sprekkar i fliser.
- Våtrom – 1. etasje > Bad – Overflater, golv:
Det er påvist avvik i fallforholdet mot sluk samanlikna med krava i forskrifta på synfaringstidspunktet.
Det er påvist avvik i fallforholdet mot sluk som medfører at bruksvatn ved normal bruk av dusj og badekar spreier seg utover golvet, utanfor nedslagsfeltet, og vert ståande.
Det er påvist avvik i fallforholdet mot sluk som medfører at bruksvatn ikkje vert leia til sluk.
- Våtrom – 1. etasje > Bad – Vasstett sjikt, membran og sluk:
Rundt sluket er det påvist ei ikkje-fagmessig utføring av membran/tettesjikt/klemring. Det vil seie at overgangen mellom sluk og tettesjikt (membran) ikkje er utført på korrekt måte.
Det er ikkje tilstrekkeleg høgde frå toppen av slukrista til toppen av vasstett sjikt ved røyrgjennomføring eller døropning, sett opp mot forskriftskrava på synfaringstidspunktet.
- Våtrom – 2. etasje > Bad – Overflater, golv:
Det er påvist avvik i fallforholdet mot sluk som medfører at lekkasjevatn ikkje vert leia til sluk, men kan renne ut av våtrommet.
Det er mogleg at det kan oppstå vasslekkasje i våtrommet der vatnet ikkje vil verte leia til sluk.
- Tekniske installasjonar – Ventilasjon:
Det er påvist store avvik ved ventilasjonsløysinga sett opp mot krava som gjaldt på oppføringstidspunktet.
TG IU – Konstruksjonar som ikkje er undersøkte
- Våtrom – 1. etasje > Bad – Tilstøytande konstruksjonar:
Det er ikkje utført holtaking, då bygningsmessige forhold og konstruksjonar gjer dette fysisk vanskeleg eller ikkje gjennomførbart.
- Våtrom – 2. etasje > Bad – Tilstøytande konstruksjonar:
Det er ikkje utført holtaking, då bygningsmessige forhold og konstruksjonar gjer dette fysisk vanskeleg eller ikkje gjennomførbart.
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i tilstandsrapport og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedomen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Takstmann har i tillegg kostnadsestimert utbetringar av TG2 og TG3 i vedlagt tilstandsrapport.