Reguleringsmessige forhold
I følge gjeldende plan er arealbruken for eiendommen fastsatt til:
Fritidsbebyggelse med planidentifikasjon: 2013001.
Utdrag fra reguleringsplan:
Maks bebygd areal for kvar hytte er 110 m2
Hyttene skal ha ein takvinkel mellom 22 og 36 grader. Hovedtaket (mønet) skal leggja mest mogeleg
parallelt med kotane. Mindre del av bygningen kan ha takvinkel vinkelrett på hovedtaket.
Maksimal mønehøgd 7 m rekna frå gjennomsnittleg planert terreng. Breidda på hoveddelen av hyttene
kan vera maks 8 m.
Byggegrense for hyttene er 4 m. Uthus kan plasserast i ein avstand av 1,0 meter frå tomtegrense.
Taktekking skal væra av tradisjonelle materialar som t.d. tre, skifer eller torv.
Fasadar i tre eller naturstein med mørke fargar.
Synleg grunnmur skal ikkje overstiga 1m. Det kan setjast opp frittliggjande uthus på BYA 20 m2 i tillegg til
hytta. Totalt BYA pr. tomt vert då 130 m2.
Overbygd terrasse og terrasser høgare enn 0,5 meter over terreng, inngår i BYA.
Hyttene skal plasserast innanfor dei viste byggjelinjene. Hytter, uthus, parkeringsplasser og veganlegg
skal utformast med tanke på heilskap og gode arkitektoniske kvalitetar og skal tilpassast terrenget og
landskapet.
Hyttene skal ha ei tradisjonell utforming men samstundes avspegla moderne og tidsriktige detaljar.
Fyllingar og terrengskjæringar skal utformast med stabile skråningar som gjev grunnlag for tilgroing med
vegetasjon. Nødvendige støttemurar oppførast i naturstein.
Skogen inne på tomtene har tomteeigar retten til.
Rydding av vegetasjon for bygningane skal gjerast skånsamt og ta omsyn til omgjevnadane og naboar.
Flaggstenger og liknande skal ikkje setjast opp.
Terrasser og eventuelt opparbeidd utegolv kan gjerdast inn.