Standard
Takstobjektet består av eit tun med to eigedommar med to hytter og tre frittståande småbygg.
Dalavegen 1171 har ei nyare hytte bygd rundt 2015. Hytta held normal standard og er normalt vedlikehalden.
Dalavegen 1173 har ei hytte frå rundt 1986 med enklare standard og med noko vedlikehaldsbehov
Hytte, Dalavegen 1173 - Byggeår: 1986
Opplysningar om innvendige overflater er henta frå vedlagt tilstandsrapport:
Golv: Heiltregolv
Veggar: Trepanel
Tak: Trepanel
Hytta har gangareal med skrå himling og plass til oppheng av ytterklede.
Toalettrommet er innreia med klosett og servant med underskuffer. Her er det også stoppekran og varmtvasstank.
Stove og kjøkken kjem i ei opa løysing med plass til både sitte- og etegruppe.
Her er det koseleg peis innkledd med skifer og mur, og 2 utgangar ut til stor terrasse.
Kjøkkendelen har innreiing med glatte frontar og benkeflate av laminat. På vegg over benkeflate er det veggbeskyttelse. Det er komfyr og komfyrvakt på kjøkkenet og
kjøkkenventilator med avtrekk ut.
Hytta har også 2 soverom.
Tekniske installasjonar:
- Innvendige vassleidningar er av plast (røyr i røyr)
- Avløpsrøyr av plast
- Varmtvasstank på ca. 20 liter.
- Naturleg ventilasjon.
- Dels skjult og opent elektrisk anlegg i hytta
- Sikringsskåp er plassert på vegg i toalettrom og har automatsikringar.
- Det er montert varmelist nede ved golvet i stova.
Hytte, Dalavegen 1171, byggeår 2015:
Opplysningar om innvendige overflater er henta frå vedlagt tilstandsrapport:
Golv: Belegg
Veggar: Trepanel og baderomsplater
Tak: Trepanel
Hytta har lett tilkomst får bakkeplan med overbygd inngangsparti.
Vidare inn i hytta kjem ein inn til lyst og triveleg gangareal med trapp opp til hems. Hemsen inneheld 2 lyse og romslege soverom.
Badet som har tilkomst via gangarealet, er av god storleik og inneheld klosett, nedfelt servant med underskuffer, dusjhjørne med glasdører og opplegg for vaskemaskin.
Det er nytta baderomsplater på veggar og panel i taket. Golvet har vinylbelegg og elektriske varmekablar. Golvet er tilnerma flatt med lokalfall rundt sluk i dusjen og oppkant ved dør.
Stova kjem i ei opa løysing med kjøkkenet og har store vindaugsflater som slepp inn mykje naturleg lys. I tillegg får ein flott utsyn mot dalen og fjella i kring.
Frå stove/kjøkken har ein 2 utgangar til terrasse, og ein har vedomn med glasdør som ekstra oppvarmingsskjelde.
Kjøkkendelen har kvite glatte frontar og benkeplate av laminat. Kvitevarer som kombinert frys-og kjøleskåp og komfyr er innebygd, oppvaskmaskin er integrert. Kjøkkenet har god lagringsplass og arbeidsflate. Det er kjøkkenventilator med avtrekk ut.
Hytta har også eit soverom med god plass til dobbeltseng samt plassbygd skyvedørsgarderobe.
Tekniske installasjonar:
- Innvendige vassleidningar av plast (røyr i røyr)
- Avløpsrøyr av plast
- Varmtvasstanken er på ca. 120 liter.
- Naturleg ventilasjon.
- Det er skjult elektrisk anlegg frå byggeperioden, sikringsskåp med automatsikringar er plassert på vegg i gang/entré.
Tilstandsgrad:
Materialbeskrivelsar og beskrivelsar av symptom på tilstandssvekkelse er i tråd med P378 veiledning for NS 3424 og tilhøyrande definisjonar og terminologi. Tilstandsgrad uttrykkjer tilstanden til objektet med utgangspunkt i eit definert referansenivå.
Byggtekniske tilstandssvekkelsar blir nemt også etter denne standarden på følgjande måte: Tilstandsgrad 0: Ingen symptom
Tilstandsgrad 1: Svake symptom
Tilstandsgrad 2: Middels kraftige symptom
Tilstandsgrad 3: Kraftige symptom (også samanbrot og total funksjonssvikt)
Dalavegen 1173:
Desse punkta har fått tilstandsgrad 2, avvik som kan kreve tiltak:
- Veggkonstruksjon: Det er ingen musesperre i nedre kant av konstruksjon.
- Vindauge: Det er påvist teikn på innvendig kondensering av enkelte vindusglas. Karmane i vindauge er slitte og det er sprekker i trevirket. Vindauger har høg alder.
- Balkonger, terrasser og rom under balkong: Opningar i rekkverk er ikkje i henhald til krav i dagens forskrifter. Rekkverket er for lavt i forhald til dagens krav til rekkverkshøgder. Opningar mellom golv og svaknausar er store.
- Etasjeskilje/golv mot grunn: Hytta er møblert og det er ikkje målt etter avvik slik standarden seier, men det er målt etter avvik. Det er målte avvik i stova/kjøkken på opptil 25 mm.
- Radon: Det er ikkje føreteke radonmålingar, og bygget er heller ikkje utført med radonsperre.
- Pipe og eldstad: Det er påvist sprekker og/eller riss i pipe. Eldfast plate manglar på golvet under sotluke/feieluke på pipe. Det er sprekker i murt peis.
- Krypkjellar: Det er registrert lause plater i stubbgolv og det er stadvis opent opp i bjelkelag og isolasjon.
- Ventilasjon: Det er påvist mangelfull ventilasjon på eitt eller fleire rom i hytta. Det er kondens innvendig i glaskarmar som tyder på mangelfull ventilering.
- Elektrisk anlegg: Eldre sikringsskåp manglar tildekking, ny sikringsboks manglar lokk. Delar av anlegget har høg alder og det er komponentar som har passert halvparten av forventa levetid. El-kontroll anbefalast.
- Grunnmur og fundament: Grunnmuren har sprekkdannelsar.
- Toalettrom > Overflater og konstruksjon:Toalettrom har kun naturleg avtrekk frå rommet.
TG2 Avvik som ikkje krev umiddelbare tiltak:
- Ingen avvik.
Desse punkta har fått tilstandsgrad 3, store eller alvorlige avvik:
- Utvendige trapper: Det er ikkje montert rekkverk.
- Stove/kjøkken > Overflater og innredning: Det er registrert utettheiter eller vasslekkasjer i røyropplegg.
Konstruksjonar som ikkje er undersøkt:
- Takkonstruksjon/Loft: Heile takkonstruksjonen er igjen bygd. Det er ingen moglegheit til vurdering utover alder og observasjonar frå underliggande etasje.
- Septiktank: Hyttene har felles renseanlegg saman med naboen nærast vegen (11/122).
Dalavegen 1171:
Desse punkta har fått tilstandsgrad 2, avvik som kan kreve tiltak:
- Veggkonstruksjon: Det er ingen eller liten lufting i nedre kant av kledning mot grunnmur.
- Vindauge: Karmane i vindauge er slitte og det er sprekker i trevirket.
- Radon: Dokumentasjon på radonsperre føreligg ikkje.
- Pipe og eldstad: Eldfast plate manglar på golvet under sotluke/feieluke på pipe.
- Innvendige trapper: Det er låg frihøgd i toppen av trappa grunna skråtaket på hemsen. Rekkverk på toppen av trappa er ikkje optimalt.
- Ventilasjon: På hems er det synleg kondens i innvendige glaskarmar som tyder på mangelfull ventilering.
- Elektrisk anlegg: Det føreligg ikkje eltilsynsrapport dei siste 5 år.
- Stove/kjøkken > Overflater og innredning: Det er antydning til merker etter fukt i benkeplate ved oppvaskmaskin og vask.
- Bad > Overflater vegger og himling: Det er teikn på fuktskader nederst på våtromsplater. Det er registrert påbegynte fuktskader i platerskøytar i dusjen. Det er ikkje nytta sokkellister i våtsoner slik det vert anbefalt av produsentar.
TG2 Avvik som ikkje krev umiddelbare tiltak:
- Ingen avvik.
Desse punkta har fått tilstandsgrad 3, store eller alvorlige avvik:
- Ingen avvik.
Konstruksjonar som ikkje er undersøkt:
- Takkonstruksjon/Loft: Heile takkonstruksjonen er igjen bygd. Det er ingen moglegheit til vurdering utover alder og observasjonar frå underliggande etg.
- Septiktank: Hyttene har felles renseanlegg saman med naboen nærast vegen (11/122).
Viser til vedlagt tilstandsrapport for nærmare beskrivelse av desse punkta som interessentar vert oppmoda til å sette seg grundig inn i.