Standard
Seksjonen framstår som normalt vedlikehalden og i generelt god teknisk stand, noko mindre bruksmerke må påreknast.
Bygningen er jamleg vedlikehalden.
Bygningsdelar og installasjonar som har fått tilstandsgrad 1 (TG1), er vurderte å ha den funksjonen ein kan forvente, med normal slitasje sett i høve til alder.
Tilstandsgrad 2 (TG2) viser til avvik der bruksfunksjonen i hovudsak er ivareteken, men der det kan vere behov for tiltak og påreknelege kostnader for å utbetre avvika. Som kjøpar bør ein vurdere behovet for tiltak opp mot kostnad og bustaden sin vidare bruk.
Opplysningar om innvendige overflater er henta frå vedlagt tilstandsrapport:
Golv: Parkett.
Veggar: Måla glasfiberstrie.
Himling: Måla, glatt himling.
Leilegheita har ein lys og innbydande entré med praktisk innreiing som gir gode oppbevaringsmoglegheiter for ytterklede og sko.
Badet har heilflisa veggar og måla himling. Golvet har fall mot sluk, men det er montert ei list ved dusjveggen som delvis hindrar avrenning. Rommet er innreidd med toalett, baderomsmøbel med heildekkjande servant, dusjplass og opplegg for vaskemaskin.
Stove og kjøkken ligg i ei opa og sosial løysing med god plass til både sitje- og etegruppe. Store vindaugsflater sørgjer for rikeleg med dagslys og flott utsikt over bygda. Frå stova er det direkte utgang til ein overbygd balkong, der ein kan nyte gode solforhold og den same fine utsikta.
Kjøkkenet har innreiing med måla, profilerte frontar, benkeplate i laminat og flisar på veggen over benken. Av kvitevarer er det integrert oppvaskmaskin, platetopp og steikeomn. Avtrekk er tilknytt ventilasjonsanlegget. Kjøkkenet har ei praktisk utforming med gode arbeidsflater og rikeleg med oppbevaringsplass.
Leilegheita har i tillegg to lyse og trivelege soverom med garderobeskåp. Hovudsoverommet har god plass til dobbeltseng, medan det andre soverommet eignar seg fint som barnerom, gjesterom eller kontor.
Like ved inngangen ligg ei innvendig bod/teknisk rom som gir praktisk ekstra oppbevaringsplass.
Tekniske installasjonar
- Vassleidningar: Skjult røyr-i-røyr-system for tappevatn.
- Avløpsrøyr: Skjulte avløpsrøyr.
- Ventilasjon: Seksjonen har balansert ventilasjonsanlegg.
- Varmtvassberedar: Varmtvassberedar frå byggjeår.
- Vassboren varme: Det er golvvarmeanlegg i seksjonen. Energi vert levert frå felles luft-til-vatn-varmepumpe organisert av sameiget.
- Felles brannvarslingsanlegg.
Forhold som openbert kan medføre fare for helse, miljø og tryggleik:
- Det er ikkje utført radonmålingar, og bygningen er heller ikkje utført med radonsperre.