Standard
Einebustaden vart oppført i 1973–74 og seinare ombygd og utvida i 1989, med standard og utføring som er representative for byggeåra.
Etter den tid har dagens eigar pussa opp og føreteke utskiftingar i ulike bolkar.
Deler av bygningskomponentane har oppnådd meir enn halvparten av forventa brukstid og nokre har snart oppnådd forventa brukstid.
Opplysningar om innvendige overflater er henta frå vedlagt tilstandsrapport:
Golv: Parkett, flis, laminat og belegg.
Vegger: Måla, platekledde veggar og noko panel.
Himling: Himlingsplater.
Underetg;
Etasjen er fint opparbeid med utvida inngangsparti med treplatting og plass til ei sittegruppe.
Vidare inn i bustaden kjem ein til eit lyst og romsleg gangareal som er innreia med rikeleg oppbevaringsplass i praktiske skyvedørsgarderober.
Badet er heilflisa med standard frå utføringstidspunkt. I taket er det himlingsplater. Innreiing består av baderomsmøbel med heildekkande dobbel servant, vegghengt toalett, dusjkabinett og badekar. Badet har avtrekk via ventilasjonsanlegg.
Det er også 3 soverom av god storleik der 2 av romma er innreia med mykje gardeobeplass. I tillegg er det bod med lagringsplass.
Frå gang er det trapp opp til 1.etg. Under trappa er det oppbevaringsmoglegheiter.
1.etg.
Etasjen er utvida med eit tilbygg og har derfor godt med plass til innreiing av fleire sittegrupper.
Stova kjem i opa løysing mot kjøkkenet, og har både vedomn og varmepumpe som ekstra oppvarmingskjelder. Dei store vindaugsflatene sørgjer for gode lysforhald og flott utsikt mot sentrum, fjorden og fjella i kring. Frå stova er det også tilkomst ut til altan som har den same flotte utsikta.
I tilbygget er det god takhøgd og store vindaugsflater som gjev eit luftig og romsleg preg. Del av denne stova er tilrettelagt for tv-stove med god plass til romsleg hjørnesofa.
Frå tilbygget er det tilkomst ut til altan med flott utsikt mot bygda og triveleg utestove. I utestova ute sit ein fint og lunt frå tidleg vår til sein haust.
Kjøkkendelen er innreia med kvite ramtre frontar og benkeplate av kompositt. Kvitevarer er integrerte og består av mikro/steikeomn, steikeomn med damp- og rensefunksjon, oppvaskmaskin og integrert kjøleskåp. Det er også quooker-funksjon i vasskran. Kjøkkenet har ei praktisk utforming med god lagringsplass og benkeflater til matlaging.
Det er avtrekk ut til det fri.
Badet har ei tidlaus innreiing og er utstyrt med baderomsmøbel med nedfelt servant, vegghengt toalett, spegel med lys og tett dusjkabinett. Avtrekk er via ventilasjonsanlegg. Det er nytta flis på golv og veggar, og taket er platekledd.
Vaskerommet har golvbelegg med oppbrett og avtrekk via balansert ventilasjon. På veggar er det baderomsplater og himlingsplater i taket. Rommet er utstyrt med skåpinnredning med nedfeldt vask og opplegg for vaskemaskin og tørketrommel.
Praktisk løysing med eigen inngang via vaskerommet. Her er det god oppbevaringsplass med skap og arbeidsbenk, samt plass til ekstra kjøleskap og frysar. I tillegg finst ein eigen bod som gir ekstra gode lagringsmoglegheiter.
Soverommet har plass til dobbeltseng og plassbygd garderobeløysing som gir rikeleg med oppbevaringsplass.
Tekniske installasjonar:
- Røyropplegg er skifta til røyr i røyr. Arbeidet er gjort i ulike bolkar.
- Avlaup ligg skjult.
- Det er montert balansert ventilasjon i 1. etg. samt avtrekk frå våtrom i under etg. På soverom/kjellarstove (mot vest) er det romventilator, ellers naturleg ventilasjon.
- Standard 300 liter vvb.
- Varmepumpe luft til luft.
- Dels skjult el. anlegg. Halve anlegget vart skifta ut i 2017. Resten er frå oppføringstidspunktet.
Tilstandsgrad:
Materialbeskrivelsar og beskrivelsar av symptom på tilstandssvekkelse er i tråd med P378 veiledning for NS 3424 og tilhøyrande definisjonar og terminologi. Tilstandsgrad uttrykkjer tilstanden til objektet med utgangspunkt i eit definert referansenivå.
Byggtekniske tilstandssvekkelsar blir nemt også etter denne standarden på følgjande måte: Tilstandsgrad 0: Ingen symptom
Tilstandsgrad 1: Svake symptom
Tilstandsgrad 2: Middels kraftige symptom
Tilstandsgrad 3: Kraftige symptom (også samanbrot og total funksjonssvik
TG2 – Avvik som kan krevje tiltak:
- Utvendig – Taktekking:
Meir enn halvparten av forventa brukstid er passert på taktekkinga.
Meir enn halvparten av forventa brukstid er passert på undertaket.
Det er enkelte knekte takstein.
Nokre steinar er knekte.
- Utvendig – Nedløp og beslag:
Det er ikkje tilfredsstillande bortleiing av vatn frå taknedløp ved grunnmur.
Det er påvist avvik i beslagløysingar.
Det manglar snøfangarar på heile eller delar av taket, men dette var ikkje krav på byggjemeldingstidspunktet.
Meir enn halvparten av forventa brukstid er passert på renner/nedløp/beslag.
Delar av takvatnet vert leia til terreng. Pipehatten er rusta. Overgangen mellom tak og vegg er ikkje fagmessig utført.
- Utvendig – Veggkonstruksjon:
Det er ingen eller lite lufting i nedre kant av kledninga mot grunnmur.
Det er tett i nedkant av veggen med tanke på lufting. Ved altanen ligg altandekket heilt inn mot kledninga.
- Utvendig – Veggkonstruksjon 1:
Det er avdekt mindre riss i puss. Fundament/mur har plastisolasjon som ikkje er tildekt.
- Utvendig – Takkonstruksjon/loft:
Det er avgrensa/dårleg ventilering av takkonstruksjonen.
Heile takkonstruksjonen er attbygd. Det er ikkje mogleg å vurdere utover alder og observasjonar frå underliggjande etasje.
Tilbygg med sperretak er attbygd, og det er ikkje mogleg å kontrollere luftinga.
- Utvendig – Vindauge:
Det er påvist avvik rundt innsettingsdetaljar.
Vindauge i murvegg er monterte utan sålebenk i nedkant.
- Utvendig – Balkongar, terrassar og rom under balkongar:
Meir enn halvparten av forventa brukstid er passert på tettesjikt/membran.
Usikkert med omsyn til utføringa av overgangen mot vegg i følgje vedlagt tilstandsrapport.
- Innvendig – Overflater:
Det er noko mindre skade i himling på soverom etter lekkasje. Himling i stove/kjøkken har spor etter vegg som er demontert. Nokre generelle bruksmerke og mindre sprekker i overflater må påreknast.
- Innvendig – Etasjeskilje/golv mot grunn:
Det er målt høgdeskilnad på mellom 15–30 mm gjennom heile rommet. Tilstandsgrad 2 vert gitt på bakgrunn av standarden sine krav til godkjende måleavvik.
Det er avvik med omsyn til planleik på 1,5 cm i hovuddelen og 2,3 cm i tilbygd stove.
- 1. Etasje > Bad > Overflater Golv:
Golvet er ikkje utført med fall som føreskreve i TEK.
- 1. etasje > Bad > Sluk, membran og tettesjikt:
Sluk har avgrensa moglegheit for inspeksjon og reingjering.
- 1. etasje > Bad > Sanitærutstyr og innreiing:
Det er ikkje påvist tilfredsstillande løysing for å synleggjere lekkasje frå innebygd sisterne.
- 1. etasje > Bad > Ventilasjon:
Våtrommet manglar tilluftsventilering, til dømes spalte/ventil ved dør.
- 1. etasje > Vaskerom > Ventilasjon:
Våtrommet manglar tilluftsventilering, til dømes spalte/ventil ved dør.
- 1.etasje > Vaskerom > Sluk, membran og tettesjikt:
Sluket har avgrensa moglegheit for inspeksjon og reingjering.
- Underetasje > Bad > Sluk, membran og tettesjikt:
Sluk har avgrensa moglegheit for inspeksjon og reingjering.
- Underetasje < Bad < Overflater veggar og himling:
Det er montert el. kontakt som punkterar tettesjikt i våtsona.
- Avløpsrøyr:
Meir enn halvparten av forventa brukstid er passert på innvendige avløpsleidningar.
– Fuktsikring og drenering:
Det manglar, eller det er sannsynleg at det manglar, utvendig fuktsikring av grunnmuren ved kjellar/underetasje på grunn av alder.
Meir enn halvparten av forventa levetid på dreneringa er overskriden.
Det er ikkje avdekt utvendig fuktsikring på grunnmuren.
- Grunnmur og fundament:
Det er registrert nokre mindre riss i grunnmuren.
- Terrengforhold:
Det er påvist område på eigedomen med stilleståande vatn.
I følgje vedlagt tilstandsrapport er det opplyst at om våren ved smelting renn det vatn i området. Dette kjem ut av bakken og avtek i takt med oppturking i grunn.
På synfaringsdagen var det synleg vatn ved innkøyring som renn ut av gråsteinsmuren. Eigar har opplyst at dette pågår berre ein kort periode om våren ved smelting.
- Utvendige vass- og avløpsleidningar:
Meir enn halvparten av forventa brukstid er passert på utvendige avløpsleidningar.
Meir enn halvparten av forventa brukstid er passert på utvendige vassleidningar.
TG3 – Store eller alvorlege avvik:
- Forstøtningsmurar:
Det er påvist større sprekker og/eller skeivheiter i muren.
Det er avdekt setningsskade på bakkemurar, både på betongmur og mur utført i mini-trønderblokk.
TG IU – Konstruksjonar som ikkje er undersøkte:
- Krypkjellar:
Det er ikkje tilkomst til delar av krypkjellaren. Krypkjellaren er berre vurdert i tilgjengelege delar i følgje vedlagt tilstandsrapport. Krypkjellar vert rekna som ein risikokonstruksjon som er utsett for fukt- og råteskadar i botnsvill, trebjelkelag og andre tilstøytande konstruksjonar på grunn av fukt frå grunnen og kondensering ved temperaturforskjellar. Sjølv om det ikkje er avdekt teikn til skadar, betyr ikkje dette nødvendigvis at det ikkje ligg føre skadar i eller i samband med krypkjellaren.
Det er ikkje tilkomst til krypkjellaren, og han er ikkje undersøkt innvendig. Kryprommet er ventilert, og det er teke bilete via ventil.
- 1. etasje > Bad > Tilgrensande konstruksjonar våtrom:
På grunn av bygningsmessige hindringar er det ikkje fysisk mogleg å utføre holtaking i vegg bak våtsone.
- 1. etasje > Vaskerom > Tilgrensande konstruksjonar våtrom:
På grunn av bygningsmessige hindringar er det ikkje fysisk mogleg å utføre holtaking i vegg bak våtsone.
- Underetasje > Bad > Tilgrensande konstruksjonar våtrom:
På grunn av bygningsmessige hindringar er det ikkje fysisk mogleg å utføre holtaking i vegg bak våtsone.
Forhald som openbart kan medføre fare for helse, miljø og tryggleik:
- Det er ikkje utført radonmålingar, og bygget er heller ikkje utført med radonsperre.
- Det manglar rekkverk/anna sikring på forstøtningsmurar der dette er kravd etter dagens krav.
Innbo og løsøre
Liste over lausøyre og tilbehøyr følgjer vedlagt i salsoppgåva. Denne gir en oversikt over lausøyre som skal følgje bustaden dersom dette var i bustaden ved vising og anna ikkje er avtalt eller framkjem av salsoppgåva.
Seljar opplyser at vinskåp plassert i inngang ved vaskerom i 1.etg. følgjer med i salet.
Hvitevarer
Kvitevarer som følgjer med i salet er:
Kombi mikro/steikeomn, steikeomn med damp- og rensefunksjon, oppvaskmaskin og integrert kjøleskåp. Det er også quooker-funksjon i kran.
Vaskemaskin og tørketrommel på vaskerommet følgjer ikkje med i salet.