Standard
På eigedomen er det oppført rekkehus bygd i 2002 med standard og utførelse frå byggjeår.
Delar av bygningskomponentane har snart oppnådd halvparten av forventa brukstid. Seksjonen har normalt vedlikehald både ute og inne. Noko generell
slitasje må påreknast.
Opplysningar om innvendige overflater er henta frå vedlagt tilstandsrapport:
Golv: Laminat, flis og golvbelegg
Veggar: Veggar er trekte og måla, dels med brystningspanel. Baderomsplater.
Himling: Kvite plater i himling.
Leilegheita ligg i 1. etg. med lett tilkomst og fint opparbeida inngangsparti med overbygg og treplatting.
Vidare inn i leilegheita kjem ein inn til eit vindfang, og gangareal med romsleg garderobeskåp med skyvedører. Her er det god plass til oppbevaring av både sko og ytterklede.
Baderommet som ligg like ved har flis på golv og veggar, og kvite plater i taket. Innreiing består av nedfeldt servant med underskåp, toalett og dusjhjørne med skyvedører. Ventilasjon er via mekanisk avtrekk.
Vaskerommet inneheld vaskekar og opplegg for vaskemaskin. Det er nytta flis på golv, og baderomsplater på veggar. Taket har kvite plater. Avtrekk er via avtrekksanlegg. Her er det plass til både hyller og frysar viss ein ynskjer det.
Stova er lys og triveleg med fleire vindaugsflater, og er av romsleg storleik. Det er spottar i himling, og montert både varmepumpe og vedomn som ekstra oppvarmingsskjelde. Frå stova er det tilkomst ut til delvis overbygd veranda som strekker seg langs kortsida av bustaden og ut mot hagen.
Stova kjem i ei opa løysing mot kjøkenet og har plass til innreiing av både sitte- og etegruppe.
Kjøkendelen har måla innreiing med profilerte frontar og benkeplate av laminat. På vegg mellom overskåp og benkeplate er det flis som veggbeskyttar. Kvitevarer består av steikeomn, platetopp, oppvaskmaskin og kjølehjørne.
Leilegheita har 2 soverom der det eine rommet er innreia med praktisk garderobeskåp, og eit kryploft med plankegolv som kan brukast til oppbevaring. Arealet på kryploftet er ikkje målbart.
Tekniske installasjonar:
- Røyropplegg ligg skjult. Røyrskåp er plassert i anna seksjon.
- Avlaup ligg skjult.
- Avtrekk frå kjøkken, bad og vaskerom.
- Ein har ikkje tilgang til vvb som er plassert i anna seksjon.
- Dels skjult el. anlegg med standard frå byggjeår. Tilrår generelt el. sjekk.
Tilstandsgrad:
Materialbeskrivelsar og beskrivelsar av symptom på tilstandssvekkelse er i tråd med P378 veiledning for NS 3424 og tilhøyrande definisjonar og terminologi. Tilstandsgrad uttrykkjer tilstanden til objektet med utgangspunkt i eit definert referansenivå.
Byggtekniske tilstandssvekkelsar blir nemt også etter denne standarden på følgjande måte: Tilstandsgrad 0: Ingen symptom
Tilstandsgrad 1: Svake symptom
Tilstandsgrad 2: Middels kraftige symptom
Tilstandsgrad 3: Kraftige symptom (også samanbrot og total funksjonssvikt)
Desse punkta har fått tilstandsgrad 2, avvik som kan kreve tiltak:
- Utvendig – Taktekking
Avvik: Det er registrert nokre knekte takstein, og det er ein del mose på taket.
Utvendig – Nedløp og beslag
Avvik: Det er noko mose i takrennene. Plattloddet på pipetekkinga er reparert med fugemasse.
Utvendig – Veggkonstruksjon
Avvik: Det er vêrslite/oppsprukke trevirke og trepanel.
Det er noko slitasje på målinga. Altanen er bygd opp langs veggen utan beslag i overgangen, noko som gir redusert lufting ved veggen.
Utvendig – Takkonstruksjon/loft
Avvik: Det er avgrensa/dårleg ventilering av takkonstruksjonen.
Det er påvist avvik rundt gjennomføringar i takflata.
Det er påvist fuktskjolder/skadar i takkonstruksjonen.
Takkonstruksjonen er utført med undertak berekna for konstruksjon utan lufting (dampopent). Det er avvik ved gjennomføringa rundt pipa, der det ikkje er montert undertakskrage, berre skum. Isolasjonen ligg ikkje skikkeleg, og det er uordna rundt elektriske leidningar.
Pipe og eldstad:
Avvik: Det er ikkje tilgang til feieluka, og ho er difor ikkje kontrollert. Det er felles pipeløp med seksjonen under. Det er ikkje montert røykinnføring på røykrøyret.
1. etasje > Bad – Overflater golv:
Avvik: Det er mogleg at det kan oppstå vasslekkasje på våtrommet utan at vatnet renn til sluk.
Høgdeskilnaden frå topp slukrist til golv/synleg topp membran ved dørterskel er mindre enn 25 mm.
Det er påvist avvik i fallforhold til sluk i høve forskriftskrava på byggjetidspunktet.
1. etasje > Bad – Sluk, membran og tettesjikt:
Avvik: Membran kan ikkje stadfestast (ikkje synleg, og det ligg ikkje føre dokumentasjon).
Meir enn halvparten av forventa brukstid er passert for membranløysinga.
Meir enn halvparten av forventa brukstid er passert for slukløysinga.
Det er ikkje påvist membran i sluket, og det er difor ukjent korleis løysinga er utført.
1. etasje > Bad – Sanitærutstyr og innreiing:
Avvik: Det er påvist riss/sprekker i utstyr på våtrommet.
Det er sprekk i servanten ved tappepunktet.
1. etasje > Vaskerom – Overflater golv:
Avvik: Det er mogleg at det kan oppstå vasslekkasje på våtrommet utan at vatnet renn til sluk.
Det er påvist avvik i fallforhold til sluk i høve forskriftskrava på byggjetidspunktet.
Golvet har motfall til sluk, og membranen er skadd ved døra.
1. etasje > Vaskerom – Sluk, membran og tettesjikt:
Avvik: Meir enn halvparten av forventa brukstid er passert for slukløysinga.
Ventilasjon:
Avvik: Det er påvist avvik i ventilasjonsløysinga i høve gjeldande krav på oppføringstidspunktet.
Det er berre naturleg ventilasjon via vindaugsventilar eller opne vindauge.
Varmtvassberedar:
Avvik: Det må sikrast tilkomst til varmtvassberedaren.
TG2 Avvik som ikkje krev umiddelbare tiltak:
- Ingen avvik.
Desse punkta har fått tilstandsgrad 3, store eller alvorlige avvik:
- Tekniske installasjonar – Vassleidningar
Avvik: Det er ikkje tilgang til stoppekran i røyrskapet
Konstruksjonar som ikkje er undersøkt:
- Våtrom – 1. etasje > Bad – Tilgrensande konstruksjonar våtrom
Avvik: På grunn av bygningsmessige hindringar er det ikkje fysisk mogleg å utføre holtaking i vegg bak våtsone.
Våtrom – 1. etasje > Vaskerom – Tilgrensande konstruksjonar våtrom
Avvik: På grunn av bygningsmessige hindringar er det ikkje fysisk mogleg å utføre holtaking i vegg bak våtsone.
Viser til vedlagt tilstandsrapport for nærmare beskrivelse av desse punkta som interessentar vert oppmoda til å sette seg grundig inn i.
Helse, miljø og sikkerheit:
- Bygningen er utført utan radonsikring då det ikkje var krav ved oppføring.
- På loft er det hol i branntettinga mot nabo.
- Eigedomen ligg i eit flaumutsatt område i henhald til kommunedelsplan/NVE.
- Eigendomen ligg i eit rasfarlig /skredutsatt område i hanhold til kommunedelsplan/NVE.