Byggemåte
Våningshus, stort tømmerhus:
Våningshuset har grunnmur av betong, og det er grunnmursbeskyttelse. Det er ukjent kva materiale som er nytta til opparbeiding av tomt og fundament.
Ytterveggane er oppførte i tømmerkonstruksjon, med tømmer som utvendig fasade/kledning.
Taket er eit saltak med sperrekonstruksjon og takåsar, og det er oppvarma loftsrom. Taket er tekt med torv. Det er ikkje montert takrenner eller nedløp på bygningen.
Etasjeskilje og berande konstruksjonar er utførte med trebjelkelag.
Vindauga er måla trevindauge med tolags glas og kopla glas. Bustaden har måla hovudytterdør og måla balkongdør i tre med tolags glas.
Det er balkong med utgang frå loftsstova.
TG2 – Avvik som kan krevje tiltak
Utvendig > Nedløp, beslag og skorsteinar over tak
Avvik:
- Det er ikkje montert takrenner og nedløp på bygningen.
Utvendig > Takkonstruksjon/loft
Avvik:
- Det er påvist fuktskjolder i takkonstruksjonen. Det er rennemerke nedover langs pipa.
Utvendig > Ytterdører
Avvik:
- Dørkarmane er vêrslitne utvendig, og det er sprekkar i overflatene.
Innvendig > Pipe/skorsteinar og eldstader inne i bustaden
Avvik:
- Det er to omnuttak i kjellaren som ikkje er forsvarleg tetta.
Innvendig > Rom under terreng (kjellar, underetasje, sokkeletasje)
Avvik:
- Det er påvist spor etter fukt i panel på veggar mot terreng. Årsaka til fukta er uklar, og ho kan skuldast anten fuktgjennomtrenging frå terrenget eller kondens/lekkasje frå tekniske installasjonar.
Innvendig > Innvendige trapper
Avvik:
- Det er varierande trinnhøgd i trappa, frå 19 til 25 cm. Dette kan medføre auka risiko for snubling og redusert tryggleik ved bruk av trappa.
- Opningane mellom trinna i den innvendige trappa er større enn dagens forskriftskrav.
- Det manglar handløpar på vegg i trappeløpet.
- Det er ikkje montert rekkverk på den innvendige trappa.
Innvendig > Innvendige dører
Avvik:
- Det er påvist monteringsavvik og skeivskapar på enkelte dører.
Innvendig > Skadedyr og fuktkrevjande insekt
Avvik:
- Det er observert fuktkrevjande insekt. Det er registrert kre rundt dusjen i 2. etasje.
- Det er påvist spor etter mus fleire stader inne i huset.
Våtrom > Loft > Bad > Overflater, veggar og himling
Avvik:
- Det er påvist teikn til fuktskadar i overflatene.
- Det er påvist at enkelte fliser har bom (holrom under flisene).
- Det er påvist riss, sprekkar og misfarging i flisfugene i våtsona.
- Det er ikkje etablert tilstrekkeleg våtsone rundt dusj og vask i samsvar med våtromsnorma, noko som kan medføre auka risiko for fuktskadar i desse områda.
Våtrom > Loft > Bad > Overflater golv
Avvik:
- Det er fare for at det kan oppstå vasslekkasje på våtrommet, der vatnet ikkje vil renne mot sluket.
- Det er påvist sprekkar i fliser.
- Det er påvist at enkelte fliser har bom (holrom under flisene) i kombinasjon med riss eller sprekkar i fuger som ikkje er mjukfuger.
- Det er påvist at flisfugene i våtsona har riss, sprekkar og misfarging.
Våtrom > Loft > Bad > Vasstett sjikt, membran og sluk
Avvik:
- Det er symptom på at det vasstette sjiktet ikkje tilfredsstiller dagens forventningar til tettefunksjon. Det er påvist fuktmerke i himlinga i rommet under badet.
- Påstrykningsmembran/smørjemembran på golvet er eldre enn 15 år, og det manglar dokumentasjon. Tettesjiktet har difor usikker framtidig funksjon.
- Det er ikkje tilstrekkeleg høgde frå toppen av slukrista til toppen av vasstett sjikt ved røyrgjennomføring eller døropning, samanlikna med forskriftskrava på synfaringstidspunktet.
Våtrom > Loft > Bad > Sanitærutstyr og innreiing
Avvik:
- Det er fuktmerke i skapet under servanten.
Våtrom > Hovedetasje > Vaskerom > Overflater, veggar og himling
Avvik:
- Det er ikkje etablert våtsoner i samsvar med våtromsnorma.
Våtrom > Hovedetasje > Vaskerom > Vasstett sjikt, membran og sluk
Avvik:
- Det er ukjend løysing i sluket, og sluket er tett. Dette medfører uvisse knytt til utføringa og tilstanden til slukløysinga, samt auka risiko for fuktskadar og lekkasjar.
Våtrom > Hovedetasje > Bad > Overflater, veggar og himling
Avvik:
- Det er vindauge/dør med materiale som ikkje toler fukt i våtsona (ved vask, dusj, badekar osv.). Løysinga eller byggjematerialet er ueigna.
- Det er påvist at enkelte fliser har bom (holrom under flisene).
- Det er påvist riss, sprekkar og misfarging i flisfugene i våtsona.
Våtrom > Hovedetasje > Bad > Overflater golv
Avvik:
- Det er påvist at enkelte fliser har bom (holrom under flisene) i kombinasjon med riss eller sprekkar i fuger som ikkje er mjukfuger.
- Det er påvist at flisfugene i våtsona har riss, sprekkar og misfarging.
Våtrom > Hovedetasje > Bad > Vasstett sjikt, membran og sluk
Avvik:
- Det er ikkje etablert våtsoner i samsvar med krava i våtromsnorma. Dette medfører auka risiko for fuktskadar i område som burde vore definerte som våtsoner.
Våtrom > Hovedetasje > Bad > Sanitærutstyr og innreiing
Avvik:
- Det er påvist riss/avskaling i flisfugene på servanten.
- Det er spor etter mus i innreiinga.
- Det er avgrensa avrenning i vasken, noko som tyder på tett avløp.
Våtrom > Kjellar > Bad > Overflater, veggar og himling
Avvik:
- Det er påvist riss eller sprekkar i flisfugene i våtsona.
Våtrom > Kjellar > Bad > Overflater golv
Avvik:
- Det er fare for at det kan oppstå vasslekkasje på våtrommet, der vatnet ikkje vil renne mot sluket. Golvet har motfall.
- Det er påvist at flisfugene i våtsona har riss/sprekker.
Våtrom > Kjellar > Bad > Sanitærutstyr og innreiing
Avvik:
- Det er påvist riss/sprekker på servanten.
- Det er påvist riss/avskaling i flisfugene på toalettet.
- Det er ikkje påvist tilfredsstillande løysing for å synleggjere lekkasje frå innebygd sisterne.
- Servantbatteriet er laust montert, og det er påvist drypplekkasje.
Kjøkken > Hovedetasje > Kjøkken > Overflater og innreiing
Avvik:
- Det er ikkje montert lekkasjedeteksjon ved oppvaskmaskin/oppvaskkum som er utført etter 1. juli 2010.
- Det er påvist høg grad av slitasje, og det er store fuktmerke i skapet under vasken.
- Komfyrvakta er øydelagd.
Tekniske installasjonar > Innvendige vassleidningar
Avvik:
- Det er påvist synleg kondensvatn på eller dryppmerke frå kaldtvassrøyr.
Tekniske installasjonar > Varmesentral (fyrkjelar, varmepumper, fjernvarme, pelletsanlegg, gasskjelar osv.)
Avvik:
- Det er påvist symptom på skade eller korrosjon på komponentar og utstyr.
- Væske-til-vatn-varmepumpa (berg-/jordvarme) har nådd ein alder som gjer at ho har usikker framtidig funksjon.
Tekniske installasjonar > Vassboren varme (radiatorar og golvvarme)
Avvik:
- Det er påvist at reguleringsventilane er trege eller ikkje lèt seg bruke.
Tomteforhold > Fuktsikring og drenering
Avvik:
- Det er påvist forhøgd fuktnivå i kjellarveggen i teknisk rom. Det er likevel uklart om dette skuldast fuktgjennomtrenging utanfrå eller kondens/lekkasje frå tekniske installasjonar.
Tomteforhold > Grunnmur og fundament
Avvik:
- Det er sprekkdanningar i grunnmuren, og det er synlege støypereir.
TG3 – Store eller alvorlege avvik
Utvendig > Ytterveggar/veggkonstruksjon
Avvik:
- Det er påvist skade etter treborande insekt.
- Det er observert råteskade i ei søyle ved inngangspartiet.
- Det er registrert svakheit/svikt i konstruksjonen under utspringet på loftet.
Utvendig > Vindauge og takvindauge/takluker/overlys
Avvik:
- Det er påvist råte i vindauge.
- Det er påvist avvik ved innsetjingsdetaljar.
- Det er registrert spor etter treborande insekt i listverket rundt vindauge.
Innvendig > Etasjeskilje og berande konstruksjonar
Avvik:
- Det er registrert merkbare nedbøyingar/skeivskapar.
- Det er målt ein total høgdeskilnad på over 30 mm. Det er målt eit retningsavvik på 60 mm på det inste soverommet på loftet. Det er tydeleg at golvet har sige i utspringet, der det er målt eit avvik på 40 mm over ein avstand på ca. 1 meter.
Våtrom > Loft > Bad > Ventilasjon
Avvik:
- Rommet har utilstrekkeleg ventilasjon.
Våtrom > Loft > Bad > Tilliggjande konstruksjonar våtrom
Avvik:
- Det er påvist fuktmerke i underliggjande himling i området rundt sluket, noko som tyder på utettleikar.
- Det er utført fuktmåling utan utslag.
Våtrom > Hovedetasje > Vaskerom > Ventilasjon
Avvik:
- Rommet har utilstrekkeleg ventilasjon.
Våtrom > Hovedetasje > Vaskerom > Tilliggjande konstruksjonar våtrom
Avvik:
- Det er påvist fuktmerke i underliggjande himling, noko som tyder på utettleikar.
- Det er utført fuktmåling utan utslag.
Våtrom > Hovedetasje > Bad > Ventilasjon
Avvik:
- Rommet har utilstrekkeleg ventilasjon.
Våtrom > Hovedetasje > Bad > Tilliggjande konstruksjonar våtrom
Avvik:
- Det er påvist fuktskadar i underliggjande himling i området rundt sluket.
Våtrom > Kjellar > Bad > Vasstett sjikt, membran og sluk
Avvik:
- Golvet har motfall til sluket, noko som kan medføre at vatn ikkje vert leidd effektivt bort frå våtsona.
- Det er ikkje etablert vasstett sjikt i alle våtsoner, noko som medfører auka risiko for fuktskadar i desse områda.
Våtrom > Kjellar > Bad > Ventilasjon
Avvik:
- Rommet har utilstrekkeleg ventilasjon.
Kjøkken > Hovedetasje > Kjøkken > Avtrekk
Avvik:
- Ventilatoren har skadar og er svært tilgrisa med feitt og matrestar.
Tekniske installasjonar > Varmtvassberedar/tank
Avvik:
- Det er ikkje påvist tilfredsstillande elektrisk tilkopling av varmtvassberedar i samsvar med gjeldande forskrift.
TG IU – Konstruksjonar som ikkje er undersøkte
Utvendig > Balkongar, verandaer, takterrassar og altanar:
Det er balkong med utgang frå loftstova. Denne er ikkje inspisert då dørhandtak er fjerna, og det er soleis ikkje tilkomst.
Tomteforhold > Septiktank
Avvik:
Det er privat avløp til renseanlegg til avløp. Anlegget er opplyst å vera dimensjonert for 5 einingar. Anlegget er ikkje inspisert eller dokumentert.
Våtrom > Kjellar > Bad > Tilliggjande konstruksjonar våtrom
Avvik:
- Det er ikkje utført holtaking, då bygningsmessige forhold og konstruksjonar gjer dette fysisk vanskeleg eller ikkje gjennomførbart.
Våningshus, mindre tømmerhus, byggjeår 2010:
Aktivitetshus/bustadhus oppført i lafta konstruksjon med tak av åsar. Utvendig er taket tekka med torv. Huset har fleire soverom, stort kjøken, bad og toalett, og stove. Huset held normal standard, men har synlege vedlikehaldsbehov.
Huset er ikkje tilstandsvurdert men det vart avdekka avvik som bør nemnast og som krev nærare undersøkingar slik som fukt og råteskader i botnstokk på laftakonstruksjonen, råteskader i golv, bjelkar og rekkverk på veranda, fuktskader på verandadører, fuktskader på vindauger, skader på hovudinngangsdør, servant på toalett er knust og det er rennemerker på pipa. Tilstandsanalyse av huset anbefalast for å få full oversikt over tilstanden på bygningen opplyser takstmann.
Våningshus, kvit bygning, byggjeår 1940 (usikkert byggeår):
Eldre hus oppført i trekonstruksjonar, kledd utvendig med bordkledning og taket er tekka med skifer. Huset inneheld m.a. tre soverom, to stover, kjøken og bad. Huset held enkel standard og har vedlikehaldsbehov. Huset er ikkje tilstandsvurdert men det vart avdekka avvik som bør nemnast og som krev nærare undersøkingar slik som råteskader på vindskier og toppbord, lause og manglande skiferheller, skader på takrenner, unormalt stor svai i bjelke mot loft, og råteskade i bjelke i stova under arkrom. Tilstandsanalyse av huset anbefalast for å få full oversikt over tilstanden på bygningen i følgje vedlagt verditakst.
Driftsbygning, byggeår 2023:
Driftsbygningen er oppført i trekonstruksjon og har taktekking av stålplater. Bygget held enkel standard og verkar å ikkje vera ferdigstillt. Noko arbeid med ferdigstilling og vedlikehald må påreknast. Fjøsen er bygd som tallefjøs og har med 59 m2 plass til rundt 40 sauer (1,4 m2 pr sau). Eigar opplyser å nytta dei mindre tilleggsbygningane i tillegg, til innsetting av sauer om vinteren.
Garasje, byggjeår 2010:
Garasjen er oppført med vegger i stein og laft, tak av åsar med torvtekking. Garasjen held enkel standard.
Bygget er normalt vedlikehelden.
Stabbur, byggjeår 2010:
Stabburet er innreda som anneks med senger. Oppført i lafta konstruksjon med tak av åsar og torv.
Bygget har vedlikehaldsbehov.
Stabbur 2, byggjeår 1940, usikker byggjeår:
Stabburet er oppført i trekonstruksjon på søyler av betong. Stabburet står på sviktande konstruksjon og er dels nedfalle. Bygget er kondemnabelt og bør rivast kontrollert for å unngå skader på folk, dyr og det eldre våningshuset som ligg tett inntil.
Uthus, byggjeår 2010:
Uthus oppført i trekonstruksjonar, held enkel standard.
Bygget har vedlikehaldsbehov.
Uthus 2, byggjeår 2010:
Uthus oppført i trekonstruksjonar, held enkel standard.
Bygget har vedlikehaldsbehov.
Uthus 3, byggjeår 2010:
Uthus oppført i trekonstruksjonar, held enkel standard.
Bygget har vedlikehaldsbehov.