Standard
Historikk og byggjemåte
Bygningen vart ifølgje historiske kjelder opphavleg oppført som skulehus i 1836 og stod då ved Ålkrysset i Sogndalsfjøra. Bygningen skal ha blitt flytta til noverande plassering i Elvebakken på 1890-talet, etter at det vart oppført eit nytt skulebygg ved Gamle Trudvang skule. Etter flyttinga vart bygningen teken i bruk som bedehus, ein funksjon han hadde fram til han vart fråflytta i nyare tid.
Ifølgje den tilstands- og kulturhistoriske vurderinga frå Musea i Sogn og Fjordane har bygningen gjennom åra vore ombygd og utvida fleire gonger, mellom anna i 1862, truleg i samband med flyttinga på 1890-talet, og på 1960- og 1970-talet.
I ei byggjemelding frå 1936 går det fram at det då var gråstein under huset, og at det var planar om å støype ein kjellar som skulle nyttast til kjøken. Kjellaren er truleg etablert kring 1940, men nøyaktig tidspunkt for arbeidet er ikkje dokumentert.
Bygningen har i dag ein eldre og utidsmessig teknisk standard, prega av dei ulike tidspunkta han har vore oppført, ombygd og reparert.
Bedehuset inngår i det historiske strandsitjarmiljøet i Sogndalsfjøra, som er omfatta av omsynssone H570 for bevaring av kulturmiljø. Bygningen er ikkje freda, men reguleringsføresegnene set særlege avgrensingar for kva endringar som kan gjennomførast. Etter gjeldande reguleringsplan skal eksisterande bygning ikkje rivast, og det er heller ikkje tillate å skifte ut original kledning, tak, vindauge, dører eller andre utvendige detaljar. Ved ein eventuell søknad om dispensasjon vil kommunen leggje saka fram for regional kulturminneforvaltning, som skal få høve til å uttale seg.
Bedehuset har ifølgje opplysningar frå seljar ikkje vore i aktiv bruk på over 20 år. Seljarane har aldri sjølve budd i eller nytta bygningen aktivt, og har ikkje førstehandskunnskap om den tekniske tilstanden og funksjonen til dei ulike installasjonane.
Bygningen har eit omfattande vedlikehaldsetterslep, og det er dokumentert fleire feil og skadar. Det er ikkje gjennomført fullstendige undersøkingar av bygningen, og ein må vere budd på at det kan finnast ytterlegare feil og skadar, også i skjulte konstruksjonar.
Det ligg ikkje føre ein ordinær tilstandsrapport, men ein verditakst frå Aslak Randmo og ei tilstands- og kulturhistorisk vurdering frå Musea i Sogn og Fjordane. Desse rapportane gir nærare informasjon om bygningen, men inneber ikkje ei fullstendig kartlegging av den tekniske tilstanden.
Interessentar blir oppmoda om å setje seg grundig inn i salsdokumentasjonen og undersøkje bygningen nøye, gjerne med bistand frå bygningssakkunnig, før bodgiving.
Bygningen sin tekniske tilstand
Bygningen har eit omfattande vedlikehaldsetterslep, og ein må rekne med betydelege kostnader til utbetring og oppgradering, både utvendig og innvendig.
Det er registrert omfattande fukt-, lekkasje- og råteskadar i fleire delar av bygningen, mellom anna i kjellar, tak, veggkonstruksjonar, utvendig kledning og tilbygg.
Grunnmuren er hovudsakleg oppført i naturstein, med noko innslag av betong. Dreneringa er ifølgje takstmannen ikkje funksjonell, og det er registrert omfattande fuktproblem i kjellaren.
Trappa ned til kjellaren har fukt- og råteskadar og er vurdert som utrygg å bruke. Det er også registrert skadar på oppfôra golv i kjellaren.
Taket er tekt med eternittplater og metallplater. Det er registrert lekkasjar og skadar på taktekking og takkonstruksjon, i tillegg til skadde og manglande takrenner. Eternittplatene kan innehalde asbest. Dette er ikkje nærare undersøkt og må avklarast før eventuelle arbeid på taket.
Det er registrert fukt- og råteskadar i nedre delar av ytterkledninga og i tilbygg. Eit mindre tilbygg er av takstmannen omtala som totalskadd.
Det er ikkje gjennomført fullstendige undersøkingar av skjulte konstruksjonar, og omfanget av eventuelle skadar i bærande og andre skjulte konstruksjonar er difor ikkje avklart. Ein må rekne med at det kan vere ytterlegare feil og skadar som ikkje er avdekte.
Innvendige forhold
Bygningen har ein enkel og eldre innvendig standard, med golvbelegg på golva, måla plater og panel på veggane og måla himlingar.
Første etasje inneheld mellom anna forsamlingslokale, gang og to toalettrom. I kjellaren er det kjøken og boder. Forsamlingssalen har stor takhøgd og ei karakteristisk tønnekvelva himling, noko som gir rommet eit særprega og luftig volum.
Kjøken
Kjøkenet har ei eldre, delvis plassbygd innreiing med enkel standard. Det er registrert omfattande fuktskadar i denne delen av bygningen.
Tekniske installasjonar
Bygningen har eldre tekniske installasjonar som har vore avstengde og ute av drift i fleire år.
Anlegga er ikkje funksjonstesta, og den tekniske tilstanden og funksjonen er difor uviss.
Det eine toalettet i første etasje er demontert.
Dei tekniske installasjonane er vurderte som utdaterte, og det må påreknast behov for fagleg kontroll, omfattande utbetringar og eventuelt utskifting før anlegga kan takast i bruk att.
Tilstandsvurderingar og vidare bruk
Det ligg føre ein verditakst frå Aslak Randmo, datert 27.10.2026, og ei tilstands- og kulturhistorisk vurdering frå Musea i Sogn og Fjordane, datert 13.08.2025.
Det ligg ikkje føre ein ordinær teknisk tilstandsrapport utarbeidd etter forskrift til avhendingslova. Verditaksten er basert på ei avgrensa visuell synfaring utan inngrep i konstruksjonane. Den kulturhistoriske vurderinga omfattar heller ikkje undersøking av kjellaren.
Bygningen har tidlegare vore nytta som forsamlingslokale og er ikkje innreidd eller klargjord for bruk som bustad.
Eigedomen er regulert til bustadføremål, men eventuelle ombyggingar og endringar må avklarast med kommunen og gjennomførast i samsvar med gjeldande krav og reguleringsføresegner.
Eigedomen må reknast som eit omfattande rehabiliteringsprosjekt, og kjøpar må vere budd på betydelege kostnader til utbetringar og oppgraderingar.
Interessentar blir oppmoda om å setje seg grundig inn i vedlagde dokument og undersøkje bygningen nøye, gjerne med bistand frå bygningssakkunnig, før bodgiving.
Sjølv om Sogndal kommune har gitt løyve til bruksendring til bustadføremål, er bygningen ikkje fysisk tilpassa eller klargjord for bruk som bustad. Det må påreknast omfattande arbeid med rehabilitering, oppgradering og eventuell ombygging før bygningen kan nyttast til dette føremålet.
Det er ikkje dokumentert at bygningen oppfyller dagens tekniske krav til bustad, og kjøpar må rekne med at det kan bli nødvendig med ytterlegare søknader og godkjenningar frå kommunen.